Hopp til innhold

Mats André var berre meter unna skredet på E6: – Eg skjelv framleis

Yrkessjåføren blei vitne til at vegen framfor han på E6 forsvann og tok med seg ein bil.

Mats André Aftreth står foran en lastebil

VITNE: 29 år gamle Mats André Aftreth blei vitne til skredet som gjekk rett framfor han.

Foto: Bjarte M. Johannesen / NRK

– Viss eg ikkje hadde stått og lasta så lenge som eg gjorde, så kunne det ha vore eg som blei tatt med i skredet.

Det seier 29 år gamle Mats André Aftreth til NRK. Han var på nippet til å bli tatt av skredet sjølv.

– Eg skjelv framleis på hendene. Det er nesten uverkeleg å tenke på. Eg såg bilen framfor meg skli ned på eit asfaltflak.

Han kom køyrande med lastebil på E6 då vegen forsvann rett framfor han og blei tatt med i skredet som gjekk i 09-tida laurdag morgon.

  • En høy vinkel av en vei
    Foto: Ole Martin Wold / NTB
  • en gruppe mennesker på en vei

    En person er savnet.

    Foto: Ole Martin Wold / NTB
  • En gruppe mennesker som står på jernbaneskinner

    Jernbanen ble også tatt av skredet.

    Foto: Ole Martin Wold / NTB
  • en gruppe menn iført hjelmer og holdt et tau

    Det pågår en omfattende leteaksjon etter den savnede.

    Foto: Ole Martin Wold / NTB
  • En gruppe mennesker i en båt på en innsjø

    En bil havnet i vannet som følge av skredet.

    Foto: Vegard Woll / NRK
  • en gruppe mennesker som har på seg hjelm og står på en vei

    Flere nødetater rykket ut til skredet.

    Foto: Ole Martin Wold / NTB

– Det blei berre eit stort hol i vegen, beskriv Aftreth.

Han jobbar som yrkessjåfør og køyrer vegstrekninga langs E6 fire gongar om dagen.

– Du føler deg jo ikkje trygg.

29-åringen snakka med Trønder-Avisa først om hendinga.

Les også Savnet etter jordskred: – Ikke lenger mulig å finne noen i live

Ras i Levanger på E6

Seier ho har åtvara om skred i fleire år

Ei av dei som er evakuert er Sissel Buchholdt, som bur rett ved skredet.

Det kom ikkje overraskande på. Me rekna med at dette kom til å skje, men me visste ikkje når.

Ho fortel at dei har åtvara om at det kom til å kome eit skred i fleire år.

Eg uttalte også i Trønder-Avisa i 2023 at eg var redd for at det skulle gå ras, fortel Buchholdt.

Sissel Buchholdt

Sissel Buchholdt seier ho har åtvara om at det vil gå eit skred i området i fleire år.

Foto: Bjarte M. Johannesen / NRK

Det er ifølge Buchholdt og fleire andre NRK har snakka med ikkje den første gongen det har gått skred i området.

Den 5. mai 1900 skal tre personar ha omkomme då leirmassar losna nokre kilometer sør for Nesvatnet. Hendinga er blant anna omtalt av lokalhistorikar Hans Olav Løkken.

Dette skal både Buchholdt og fleire andre naboar vere godt kjente med.

Det er ikkje berre eg som har frykta det. Det er mange som bur i nærområdet som har rekna med det: «Når kjem det til å rase, då? Det kjem aldri til å gå bra» seier folk.

Les også Bane Nor bekrefter: Pågikk kvikkleire-arbeid i området

en elv med bro og trær

Då ho var på butikken i dag, fekk ho beskjed om at det no hadde gått eit skred rett ved huset hennar.

– Det var leigebuaren som ringde og sa at «eg torer ikkje bu her lengre». Ho sat ved vindauge og drakk kaffi då ho såg skredet.

Buchholdt er evakuert og har fått beskjed om at ho ikkje får reise heim att i dag, når NRK snakkar med ho på telefon.

raset E6 Levanger

Sissel Buchholdt eig det raude huset rett ved skredkante.

Foto: Tariq Alisubh / NRK

Måtte rygge for å kome seg vekk frå skredet

– Eg køyrde bak bilen som blei tatt av skredet, og låg vel rundt 50 meter bak han. Plutseleg så eg både bilen og E6 forsvinne då skredet kom.

Aftreth anslår at skredkanten var så nærme som fem til ti meter frå han.

– Kva tankar gjekk gjennom hovudet ditt då?

– Eg tenkte «nå må eg berre komme meg unna».

Det var å komme seg sjølv i sikkerheit. Få stoppa fortast mogeleg og ikkje bli med i skredet. Så det var berre å få stoppa bilen, få han i revers og begynne å rygge, legg han til.

Då han sjølv var komen i sikkerheit var Aftreth oppteken av finne bilen som gjekk med i skredet og hamna i vatnet like ved.

– Bilen hamna under leirmassane. Eg har aldri vore så tett på noko slikt. Slikt skal ikkje skje på E6.

Aftreth fortel at føraren som hamna i vatnet hadde ein båt på tilhengaren som han hoppet oppi da han blei tatt av skredet.

Vedkommande blei tatt med til sjukehuset i Levanger.

29-åringen beskriv minuttane etter at skredet gjekk som kaotiske.

– Det var ingen som hadde oversikt før ting roa seg litt.

Ras i Levanger på E6

Skredet har tatt med seg begge køyrefelt på E6 samt togsporet like ved.

Foto: Vegard Woll / NRK

Omfattande leiteaksjon

Etter at skredet hadde gått fekk politiet raskt informasjon om at det var ein person som var sakna.

Då blei det sett i gang eit omfattande søk etter mannen.

– Me driv med uforminska styrke ein aktiv redningsaksjon, der me søker etter éin person som er sakna i rasområdet, sa innsatsleiar i politiet Terje Bolås, klokka 15.

Klokka 17 opplyser innsatsleiaren at personen er antatt omkommen.

Mannen jobba ved skredområdet i Levanger. Dei pårørande er varsla, opplyser Bolås.

– Geoteknikarar på området seier at rasområdet er svært ustabilt, seier innsatsleiaren.

Ambulansepersonell på E6 ved skredet ved Nesvatnet

Store styrkar er involvert i søket etter den sakna mannen.

Foto: Bjarte Johannesen / NRK

– Vegen hadde forsvunne

Nordlandsbanen er også ramma av skredet: delar av togsporet har sklidd ut i Nesvatnet. Tre nærliggande husstandar er evakuert.

– Hadde me kome køyrande eit minutt tidlegare, så tur eg me kunne blitt tatt av skredet.

Det seier vitne Finn Anders Blæstervold.

En mann som sitter i en bil.

Finn Anders Blæstervold.

Foto: Privat

Han kom køyrande i sørgåande retning, på veg mot Hommelvik, då han la merke til at ein lastebil begynte å rygge eit stykke lengre framme på vegen.

– Me la merke til anleggstrafikk nedgåande E6, og stoppa 100 meter unna. Det var først då eg gjekk ut av bilen at eg skjønte omfanget av det som hadde skjedd. Då såg me fort at vegen hadde forsvunne, seier Blæstervold.

Like etter såg han ein lyktestolpe forsvinne ned i gapet.

Føler seg utrygg

Som yrkessjåfør fortel Aftreth at han føler seg utrygg langs vegen han ofte køyrer på.

– Me gjer jo det generelt når me køyrer så mykje langs norske vegar som me gjer. Det er for dårleg vegstandard. Dette er også eit bevis på at vegen er for dårleg.

– Torer du å sette seg bak rattet igjen no etter det som har skjedd?

– Viss ein skal tilarbeide, så må ein berre sette seg bak rattet og køyre igjen, svarar Aftreth.

Skredet har gått ved Nesvatnet i Levanger.