Hopp til innhold

Massiv ispropp i Nidelva – fryktar fleire båtar kan bli øydelagde

Isgang i Nidelva skaper store problem. I tillegg har isen samla seg til ein propp.

Isproppen er så stor og lang. Me får ikkje gjort noko meir.

Det seier driftsforvaltar i Trondheim båtforeining Gry Kristin Mathisen om isproppen i Nidelva.

– Me må berre håpe at det løyser seg meir og meir så det ikkje gjer så mykje skade på bryggene nedover. Me må berre håpe på det.

Faren for at brygger og båtar som ligg i elva kan bli øydelagde er ikkje over. Klokka 18:07 er det flo og då kan situasjonen bli verre.

– Då kan ein få meir oppbryting av isen, men det kjem an på kor langt opp isen ligg, seier Roger Gjersvold operatør på 110-sentralen.

Ispropp Nidelva

Det er fare for at store isflak kan skade flytebrygger og båtar i Nidelva.

Foto: Jørgen Berntsen Leangen / NRK

Redd alt skal losne i ein stor klump

– Me er litt redd for at alt skal losne i eit stor klump. Då kan det rive med seg brygger og det me har liggande ute her.

Det seier driftsoperatør i Trondheim båtforeining Christer Mathisen.

– Så tettpakka og tungt har eg ikkje vore borti. Det er rimeleg ekstremt.

Han har vore ute i ein liten aluminiumsbåt for å prøve å ta unna litt is for å unngå ein stor isklump.

Driftsoperatøren håpar han får vekk det verste frå elva og ut i fjorden, men kjem berre eit lite stykke oppover i Nidelva.

For å få vekk heile isproppen må det større båtar til, men bruene er for låge.

Trondheim båtforeining jobba med å løyse opp isflaka i elva.

For store båtar og låge bruer

På grunn av bruene i Nidelva kjem ikkje båtar som kan bryte opp isen til.

Båtane er for store og brune for låg.

Båten er for stor til å gå opp Nidelva. Då må ein heve brua. Me har ikkje noko mogelegheit til å gå oppover elva.

Det seier Felix Seifert i Trondheim hamn.

Utan båt som kan bryte isen er det lite ein får gjort. Då er det berre å vente på at isproppen flyt ut av elva.

– Alle som har båt i elva må halde eit auge med det. Ikkje gå ut på bryggene no medan det held på, men ta deg ein tur etterpå, legg Mathisen til.

  • Ispropp i Nidelva i Trondheim.

    Isflak dekka store delar av i Nidelva i Trondheim

  • Isflak i Nidelva i Trondheim

    Klokka 17 har isproppen begynner å løyse seg opp