Leiar i Ørland Høgre trekkjer seg

Hans Kristian Norset trekkjer seg etter avtalebrotet med Senterpartiet, skriv Adresseavisen. I går blei Tom Myrvold (H), uventa stemt fram som ordførar i nye Ørland kommune. Etter valet låg det an til at Finn Olav Odde (Sp) skulle bli ordførar i kommunen. Under avstemminga i kommunestyremøtet fekk Myrvold 22 stemmer, mens Odde fekk 13 stemmer.

Hans Kristian Norset
Foto: Tariq Alisubh