Hesteboom i Trøndelag

Hest er i skuddet som aldri før i Trøndelag.

Hest.
Foto: Larsen, Håkon Mosvold / SCANPIX

Fleire bønder skiftar ut kyr med hest. Samstundes poppar det også opp stadig fleire rideskular.

Ifølge Sør-Trøndelag bondelag har etterspurnaden etter fôr og stallplass auka enormt dei siste åra.

- Dette er ei utvikling som gleder oss. Vi vil freiste å følgje den opp ved å legge til rette for at fleire skal kunne leige seg stall og beite og selje fôr, seier leiar i Sør-Trøndelag bondelag, Eiliv Peder Folstad, til NRK Trøndelag.  

Melhus med eige hesteprosjekt

Melhus er blitt ein av kommunane med flest hestar i Trøndelag. Difor går landbruksleiar Kristin Riaune i front for å starte opp eit eige hesteprosjekt. Det heiter "Hest som næring i Melhus".

- Dette skal vere eit prosjekt som set fokus på auka næringsutvikling med hest. Det skal også medverke til at Melhus får lage eit policydokument som viser kommunen si haldning og politikk for dei som ønskjer å etablere seg som hestehaldarar i bygda, seier Riaune.

Stor verdi for kommunen

Riaune meiner det er av stor verdi for kommunen å få til eit slikt prosjekt.

- Dei som driv med trav, vanleg riding og terapiriding driv alle for seg sjølv. Om vi hadde greidd å samle desse miljøa meir, hadde vi fått ut synergieffektar som igjen kunne føre til fleire positive effektar, forklarar Riaune.  

Viktig å satse på hest

Frå 2007 skal alle hestar ha eige pass, identitetspapir og helsekort. Det gjer det enklare å registrere talet på hestar i regionen, noko som fram til i dag har vore så godt som umuleg.

Leiaren i bondelaget meiner at ei vekst i hestenæringa også er viktig på andre område.

- Hesten som er eit stort flott dyr, er i seg sjølv viktig i kulturlandskapet. Den er også ein viktig rekrutteringsfaktor til landbruket, seier Folstad.