Hopp til innhold

Hardråde får ligge i fred

Leivningane etter Harald Hardråde blir ikkje flytta frå grava si i Klostergata i Trondheim.

Klostergata i Trondheim

Harald Hardråde ligg under asfalten like ved Klostergata 47.

Foto: Nils Åge Nonstad / NRK

For ein månad sidan kom det eit forslag om å flytte leivningane etter vikingkongen frå Klostergata til ei ny grav i Nidarosdomen.  

Kommunaldirektør i Trondheim, Gerhard Dalen, var først positiv, men etter å ha fått mykje kritikk for forslaget, har han lagt ideen på is.

- Eg syns det var ein spennande idé. Generelt er eg veldig opptatt av at heilagdomar av Nidarosdomens art også er graver for kongar og andre kjente personar. Men sidan eg fekk ein del pepar og motbør, veit eg ikkje heilt kvar saka står, seier Dalen til NRK Trøndelag.

Ber om tydelegare merking

Riksantikvar Nils Marstein er glad for at det ikkje kjem nokon søknad frå Trondheim kommune om løyve til å grave fram dei kongelege leivningane.

- Frå vår side er det ikkje interessant å ta noko initiativ. Leivningane ligg best der dei er, men eg skulle ønske at kommunen sørgja for ei litt tydelegare markering av staden, seier Marstein.

Det var ved det gamle klosteret at Harald Hardråde blei gravlagt for 940 år sidan. I dag er det berre namnet på gata, som viser at det har ligge eit kloster der. Sjølve grava er svært anonym og det er ikkje lett å vite at det ligg ein konge under asfalten.

- Det er berre fantasien som avgrensar korleis ein kan gjere dette til ein attraksjon. Eg reknar med at det er nok fantasi i Trondheim til at ein kan finne ein måte å markere det på, seier Marstein.

Vil ikkje ha meir pepar

I dag finst det ingen konkrete planar om å markere grava. Gerhard Dalen seier kommunen er positive til å få på plass ei markering, men han tør ikkje sjølv ta initiativet.

- Eg hadde vel fått pepar då også, skulle eg tru. I staden får eg alliere meg med kyrkja og staten om det er muleg. Viss dei vil gjere det, så skal sjølvsagt vi stille opp, seier Dalen.