Det stadfestar manager Ole Waage i ei pressemelding.
– Hans sovna fredeleg inn med sine næraste til stades etter lang tids kreftsjukdom, skriv han meldinga.
Waage legg til at familien ber om ro i sorga.
Musikaren frå Verdal hadde ei lang karriere der han var kjend frå mellom anna gruppa Vømmøl Spellmannslag og som karakteren Ola Uteligger.
Hans Rotmo på Spellemannprisen i 1977. Her med gruppa Arbeidslaget hass K. Vømmølbakken.
Foto: NTBLang karriere
Rotmo hadde ei 60 år lang karriere som musikar, låtskrivar, dramatikar og forfattar.
I 1964 debuterte han med gruppa Valley boys.
Seinare blei han kjend som mellom anna frontfigur i Heimevernslaget.
I 1973 grunnla han Vømmøl Spellmannslag som naut stor suksess på 70-talet med mellom anna hittar som «Førarkortet» og «Det er itjnå som kjem tå seg sjølv».
Han skapte også karakteren Ola Uteligger.
Hans Rotmo og Åge Aleksandersen på «Fæst på nersi'a» i Trondheim i 1977.
Blir hylla av Åge Aleksandersen
– Dette blei ein trist dag, seier Åge Aleksandersen.
Han seier vidare at det var ei stor glede og ære å få arbeide med Rotmo som produsent på «Løkka i livet» og «Vømmølåret».
– Eventyrleg var det heile, med så mange flotte minne, seier Aleksandersen.
– Han var blant dei største, seier rockehistorikar Terje Nilsen.
På 1970-talet flytta han til Oslo for å studere. Der kom han inn i eit radikalt miljø, fortel Nilsen.
– Han var ein radikalar med stor «R». Og han var ein radikalar med glimt i auget.
Nilsen seier Rotmo var ein pionéer som har hatt sterk innverknad på andre norske artistar.
– Rotmo var ein av dei første som song på norsk og i tillegg på dialekt.
Rotmo laga karakteren Ola Uteligger og gav ut tre plater med dette som artistnamn.
Foto: NRK– Eit midtnorsk fenomen
Henning Sommerro kjende Rotmo lenge og spelte saman med han på fleire utgjevingar, mellom anna på den populære julesongen «Vårres jul».
– Det er trist. Men vi som kjenner til Hans, visste at det gjekk mot det siste no.
Sommero seier det er ein musikar som har betydd mykje som no har gått bort.
– Han var kreativ og lagde ting som andre folk kanskje ville latt passere.
– Men han tok det vidare og lagde et eige univers ut av det.
Sommero reiste mykje rundt med Rotmo. Han fortel det alltid kom mange med eit forhold til universa Rotma skapte.
– Han var eit midtnorsk fenomen. Han hadde sin store publikumsmasse i Trøndelag.
Planla turné
Rotmo skulle eigentleg ut på turné i år i anledning at det er 50 år sidan Vømmøl Spellmannslag blei stifta.
Tidlegare i år blei turnéen utsett på grunn av Rotmo si kreftdiagnose. Det blei kjend i Trønder-Avisa.
Da hadde Rotmo på nytt fått påvist sjukdommen.
– Sjølv om du blir erklært fri for kreftsjukdommen som har herja, har du aldri garantiar for at den ikkje kjem tilbake, sa Rotmo i et intervju med Trønder-Avisa i 2020.