– Dette var ein verdig avslutning, seier kunstnar Håkon Gullvåg etter at bisetjinga var over.
Gullvåg seier at det er vanskeleg å berre seie ein setning om kva som står igjen etter Håkon Bleken.
Han ser tilbake på Blekens engasjement, den varierte ferda han hadde som kunstnar, og samarbeidet dei to hadde.
Kunstnar Håkon Gullvåg synest bisetjinga var ein verdig avslutning.
Foto: Ole Martin Wold / NTB– Eg synest det var ei fin markering. Singaas (biskop emeritus Tor Singsaas) hadde god regi. Det var mektig og sterkt å vere i dette rommet, seier Gullvåg.
Bleken gjekk bort sist veke, 96 år gamal.
– Hugsar latteren
Fiolinist Arve Tellefsen kjente Bleken i mange år, og spelte også fiolin under bisetjinga.
Han seier at mange kanskje hugsar Bleken som litt sint, på grunn av hans engasjement.
Tellefsen hugsar derimot noko anna.
– Han hadde ein veldig stor sans for humor. Noko av det eg hugsar best med Håkon er faktisk latteren. Vi såg det latterlege i kunsten vår, seier Tellefsen.
Fiolinist Arve Tellefsen spelte fiolin under bisetjinga.
Foto: Ole Martin Wold / NTB– Ein av våre største
– Bleken fortalde at han opplevde at bilete tvang seg fram, seier kulturminister Lubna Jaffery i sin minnetale.
Ho fortel om at eit bilete Bleken måla om 22. juli-terroren.
– Han våga å ta opp det som bankar og gjer vondt i verda. Det mørke og grufulle, det som skremmer oss og som vi kanskje ikkje kan forstå.
Ho seier Bleken heile sin karriere var samfunnsengasjert og uredd.
– Han vil bli ståande som ein av våre største. Og tida han levde i, alle dei dagane han var så veldig til stades i, dei har gått over til å bli ein del av vår nasjonale historie.
– Og i den vil han bli verande. Like uredd og like til stades for dei som kjem etter.
– Han slutta aldri å fornye seg, sa kulturministeren i sin minnetale.
Foto: Ole Martin Wold / NTB– Mange er takksame
Biskop emeritus Tor Singsaas leia seremonien.
– Mange er takksame for at vi har fått møte Håkon Bleken. Både personleg og gjennom det kunstnariske uttrykket hans, seier biskopen.
– Han hadde ei unik skaparkraft som stadig var i han heilt til det siste.
Bleken levde intenst i livet som utfolda seg lokalt, nasjonalt og internasjonalt, seier Singsaas.
– Vi tar i dag avskjed med ein av vår tids største kunstnarar.
Kunstnar Håkon Gullvåg deltar på seremonien.
Foto: Ole Martin Wold / NTBOrdførar Kent Ranum utanfor Nidarosdomen.
Foto: Ole Martin Wold / NTBOdd Reitan på veg til bisettinga.
Foto: Ole Martin Wold / NTBFoto: Ole Martin Wold / NTB Foto: Ole Martin Wold / NTB Foto: Ole Martin Wold / NTB
– Trondhjemmer med stor «t»
Ordførar i Trondheim, Kent Ranum sa i sin minnetale at Bleken har vore viktig for byen.
– Bidraget til kunstscena i Trondheim er openberr, men bidraget hans til byen sin identitet kan knapt overdrivast.
Ranum seier han er takksam for at Bleken blei buande i byen.
– Eg er spesielt takksam for at han valde å bli buande her i Trondheim. Det er ingen sjølvfølge at ein kunstnar av hans kaliber vel å bu i store, vesle Trondheim, seier Ranum.
– Men Håkon blei trondhjemmer med stor «t».
Blir bisett frå Nidarosdomen
– Eg synest det er flott at så mange får følge bisettinga og at så mange får anledning til å sette ord på kva han har betydd for Noreg, seier Inger Merete Hobbelstad, kulturkommentator i NRK.
Hobbelstad seier Bleken skil seg frå andre kunstnarar ved at han har prega samfunnet over mange tiår.
– Det er sjølvsagt fordi han var så rasande aktiv heilt til det siste.
Ho seier Nidarosdomen sett ein fin ramme rundt bisettinga. Fleire av kunstnaren sine måleri har vore utstilt i domen.
– Det er jo også passande fordi Håkon Bleken, som så vidt eg veit ikkje var religiøs sjølv, var ein fantastisk fortolkar av religiøse motiv og bibelske historier.
Måla til det siste
Bleken fekk ein lang karriere som kunstnar.
I 1948–49 gjekk han på Kunstskulen i Trondheim. Gjennombrotet fekk han i 1971 med ein serie kullteikningar kalla «Fragmenter frå et diktatur».
Gallerist og ven, Per Høiem, fortalde at Bleken blei ein betre og betre kunstnar på sine eldre dagar.
Seremonien begynner klokka 13 i Nidarosdomen.
Foto: Ole Martin Wold / NTB– Han var heilt klar og måla berre betre og betre mot sine 96 år, sa Høiem dagen Bleken gjekk bort.
– Han var så samfunnsengasjert at bileta hans aldri blei uaktuelle. Dei var jo superaktuelle heile tida.
Bleken sine glasmåleri i Spjelkavik kyrkje er av mange rekna som eit kunstnaren sine fremste verk: