– Det er eit ganske komplisert reknestykke, seier fungerande rådmann Elin Rognes Solbu.
Sein tilbakebetaling
Fungerande rådmann i Trondheim, Elin Rognes Solbu.
Foto: Trondheim kommuneMange foreldre skal ha att pengar etter at tilbodet i barnehagen eller skulefritidsordninga fall bort under streiken tidlegare i sommar. Pengane kjem ikkje med det første.
– Kvar enkelt barnehage og kvar enkelt SFO skal ta ei opplisting over kor mange dei har hatt i streik og kva tilbod dei hadde under streiken. Det er eit ganske komplisert reknestykke for å finne ut kven som skal ha tilbake pengar, seier Rognes Solbu.
Ei drøy veke etter at streiken vart avslutta og dei 5000 kommunetilsette var tilbake i arbeid, kom skuleferien. Dermed vart oppgjeret utsett.
LA NED ARBEIDET: Mange av dei streikande jobba i barnehagar og skular, som dermed måtte stenge.
Foto: Juliet Landrø / NRK– Vi ber om å få litt tid på oss. Alle som har pengar til gode vil få dette avrekna, men vi kan ikkje seie noko om kva månad det skjer. Det blir i alle fall ikkje i august.
Sparte pengar
I tillegg til at foreldre og føresette skal ha att pengar, skal også oppgjeret mellom kommunen og fagforeiningane settast i gong.
– På grunn av sommarferien har vi betalt ut lønn som vanleg, og så får vi det tilbake frå fagforeiningane etter vi har gjort ei avrekning på det. Vi vil trekke på septemberlønna, seier Rognes Solbu.
Ho presiserer at dei tilsette ikkje vil merke noko til dette.
– Det er eit oppgjer mellom fagforeiningane og kommunen.
Trondheim kommune sparte mange millionar då dei kommunetilsette la ned arbeidet. Til saman sparte kommunen rundt 60-70 millionar i det som var den største streiken i Noreg på 30 år.
Vurderer ekstra arbeidskraft
Den fungerande rådmannen innrømmer at det kjem eit massivt etterarbeid etter ein slik streik.
– Det er det alltid etter ein streik. Vi taklar dette, men vi må sette inn ein ekstra innsats. No er vi snart ferdige med ferien, så då skal vi brette opp ermane og sette i gong.
– Er det aktuelt å sette inn ekstra folk for å få kabalen til å gå opp?
– Ja. Er det behov for ekstra hjelp og overtid, så må vi ta i bruk det. Det er omfattande arbeid, seier Rognes Solbu.