Hopp til innhold

Donaldbrød frå Trondheim

Med hjelp frå SINTEF blir verdas sintaste and bakt inn i brød frå Trondheim.

Donaldbrød
Foto: Erland Knutsen / NRK

Donald Duck kan av og til vere dum som eit brød. No har den krakilske anda bokstaveleg talt blitt eit brød.

Med hjelp frå SINTEF har bakarar i Trondheim utvikla ein metode for å framstille bakverk med portrettet av verdas mest kjente teikneseriefigur. 

- Dette året har eg jobba med alt frå steinkløver til vaskemaskiner, fiskeoppdrettsanlegg og propellar, men dette tek kaka, seier forskar, Reidar Hovtun, ved SINTEF til NRK Trøndelag.

Vanskeleg å lage forma

Ved hjelp av avansert datateknologi og tredimensjonale bilete av Donald starta forskaren arbeide for å finne ut korleis brødformene måtte konstruerast for å gi eit relief av Donalds ansikt.

- Vi hadde problem med nebbet som har så mange skarpe svingar og tronge passasjar. Difor måtte vi gjere modelleringa slik at deigen kunne flyte inn i forma, forklarar Hovtun.

Moro å jobbe med Donald

Donaldbrød
Foto: Erland Knutsen / NRK

Det er bakeriet Mesterbakeren i Trondheim som har fått jobben med å lage Donald-brødet. På bakeriet går produksjonen for fullt og nybakte brød, med Donaldfjes kjem på rekke og rad på samlebandet.

Prosessen har vore artig for dei tilsette, og resultatet er dei svært så nøgde med.

- Det er kjempeartig å drive med produktutvikling når ein får slike resultat, seier Stig Magne Torve, som er kvalitetsleiar ved Mesterbakeren.