Hopp til innhold

- Fraus istappar på augnevippene

Gradestokken på Røros viste - 36,5 då Lise Faksvåg Dukan kom på jobb i dag tidleg.

Lise Faksvåg Dukan

Lise Faksvåg Dukan på veg til jobb i går.

Foto: Lise Faksvåg Dukan

– Akkurat no er den offisielle målinga - 34,5 grader, men då eg kom på jobb klokka 0600 i dag tidleg viste gradestokken - 36,5 grader, seier vakthavande flygeleiar ved Røros lufthavn, Lise Faksvåg Dukan, til NRK.

Kuldeperiode
- 36,5 grader på Røros fredag 19. desember 2009

Gradestokken på Røros klokka 0600 i dag tidleg.

Foto: Lise Faksvåg Dukan

Ifølgje Yr var det i natt - 36,8 grader på det kaldaste på Røros. Også i går var det kaldt i Bergstaden, då viste gradestokken - 33,7 på det kaldaste mellom klokka 0700 og klokka 1900.

– Eg har ingen motorvarmar, så i går var det for kaldt til å køyre bil. Då eg gjekk på jobben, fraus det på istappar på augevippene mine, fortel Lise Faksvåg Dukan.

– Årsaka til kuldeperioden er kald luft frå aust, seier statsmeteorolog Ivar Hjellestad til NRK.

Det er venta kaldt over store delar av landet i dag.

Sjarmert over Røros

Lise Faksvåg Dukan bur i samband med jobben på Røros i periodar. Til vanleg har ho base i Trondheim, der det er langt mildare.

– Eg måtte sende eit MMS-bilde til ungane i dag tidleg, for å vise dei kor kaldt det er her oppe, fortel Faksvåg Dukan.

Ho er sjamert over Røros og klagar ikkje over minusgradane.

– Kulda og ein knallblå himmel gjer Røros bildeskjønn. Det er spesielt å bu her.

Kaldt i Sør-Norge

Kulden i sør kjem ikkje som noko overrasking på meteorologane på Blindern i Oslo.

– Sola er for tida på sitt aller svakaste. Det er ikkje mykje hjelp å få av den, og natt- og dagtemperaturane nærmar seg. Vi har nok vår kaldeste dag så langt i vinter, og det er jamt over svært kaldt i heile Sør-Noreg, seier statsmeteorolog Øyvind Johnsen til NTB.

Generelt er det nok Østerdalen og den sørausteige del av Sør-Trøndelag, med Røros som har det kaldast fredag, legg Johnsen til.

– På Røros markerer nattas minimum fram til klokka 0700 den lågaste temperaturen i desember på Røros siden 2001, slår nettstaden Vær og vind fast.

Andre stader i landet, der det fredag var om å gjere å pakke seg godt inn, var Bjørnholt i Oslos ytterkant med minus 18,3, Hemsedal i Buskerud med minus 31,3, Snåsa i Nord-Trøndelag med minus 22, og Grotli 33,6 minusgrader.

Lunt i nord

Frå Nordland og nordover er det om ikkje varmt i alle fall nokre lune plussgrader som folk kan glede seg over.

Hellingvær i Nordland hadde pluss ein grad fredag morgon, Stokmarknes, Sortland og Bø i Vesterålen mellom to og tre grader, Narvik og Harstad hadde 1,9 og 1,8 plussgrader, mens Skibotn i Troms hadde 2,5 grader pluss.

Heile Nord-Norge får eit par milde dagar, før kulden kjem tilbake i juleveka.