Hopp til innhold

Godkjenner bygging av skogsveg i marka

Statsforvaltaren godkjenner søknaden om å byggje skogsbilveg i Østmarka i Oslo.

Det er Losby Bruk som vil byggje ein fire kilometer lang veg for å frakte tømmer.

Fleire har vore kritiske til forslaget, deriblant Naturvernforbundet, som kallar vegen det desidert største inngrepet i Oslomarka i nyare tid.

Også Miljøpartiet Dei Grøne er i mot utbygging av skogsvegen.

– Dette er ein dramatisk nyheit for alle som er glade i Østmarka. Vi risikerer nå at staten køyrer over lokaldemokratiet og tvingar gjennom eit veldig stort inngrep i marka trass i stort lokalt engasjement mot vegplanane, seier stortingsrepresentant, Une Bastholm.