Hopp til innhold

Arrangørar varslar verdsrekord på tre ulike distansar: – Har ikkje snakka med dei

Tre arrangørar melder at Jakob Ingebrigtsen kjem for å setje verdsrekord i løpet deira. Det er ein ambisjon som ikkje kjem frå hovudpersonen sjølv, understrekar agenten.

Jakob Ingebrigtsen

HØYE FORVENTNINGAR: Omtrent kvar gong Jakob Ingebrigtsen stiller til start, blir det varsla at han skal springe raskare enn noko anna menneske nokon gong har gjort.

Foto: Laurent Gillieron / AP

Han har ikkje eingong snakka med dei, det er det eg som har gjort, seier agent Daniel Wessfeldt til NRK.

Wessfeldt stadfestar at Jakob Ingebrigtsen stiller i tre løp på vegen fram mot innandørs-EM i Istanbul. På nyttårsaftan spring han 5 km gateløp i Barcelona, 15. februar spring han 1500 meter innandørs i Lievin og 22. februar 3000 meter innandørs i Madrid.

Frå arrangørhald blir det altså meldt om skyhøge ambisjonar.

«Årets utgåve vil ha deltaking av den olympiske meisteren på 1500 meter og verdsmeisteren på 5000 meter, Jakob Ingebrigtsen, som skal slå den kontinentale rekorden og verdsrekorden på 5 km,» heiter det i førehandsomtalen for «Cursa del Nassos», som er namnet på løpet i Barcelona.

Byråden for idrett i Barcelona, David Escudé, bidreg ikkje til å dempe forventningane:

«Med Jakob Ingebrigtsen si deltaking kjem nye forventningar, og som tidlegare år håper vi også i år å oppleve ei historisk utgåve,» har han uttalt.

Arrangørane som spekulerer

«I fjor slo han verdsrekorden på 1500 meter i Lievin med 3.30,60, og den unge nordmannen Jakob Ingebrigtsen har stadfesta at han vil vere på start på 1500-meteren! Blir han den første som spring under 3.30 innandørs?» undrar arrangørane i Lievin.

Arrangørane i Madrid skriv følgjande: «Nordmannen siktar mot sin andre innandørs verdsrekord etter at han tidlegare i år slo 1500-meterrekorden i Lievin med 3.30,60».

Jakob Ingebrigtsen

SNAKKAR FOR JAKOB: Det er agent Daniel Wessfeldt (til venstre) som tek seg av dialogen med arrangørar på vegner av Jakob Ingebrigtsen.

Foto: Anders Skjerdingstad / NRK

Det er nok arrangørane som spekulerer i dette meir enn Jakob sjølv. Det eg og Jakob har snakka om, er å tone ned dette med rekordar. Han skal springe og sjå korleis det går, men ein kan ikkje bestille det eine eller det andre, fastslår Wessfeldt.

Han er også agent for verdsrekordhaldaren i stavsprang, Armand Duplantis, som opplever det same rekordpresset.

Kvar enn Duplantis kjem, så trur dei han skal setje verdsrekord. Det har dei rett til å tru, men så lett er det jo ikkje, påpeikar den rutinerte agenten.

– Har ikkje sagt at det skal skje

Samtidig understrekar han at Jakob Ingebrigtsen har til hensikt å springe fort i dei løpa der han stiller opp. Avtalen er at arrangørane alle stader skal stille med harar og eit løpsopplegg som gjer det mogleg å setje rekordar.

Han har kapasitet til å vere i nærleiken av alle dei tre verdsrekordane, men vi har ikkje sagt at det skal skje her eller der, understrekar Wessfeldt.

Dei høge forventningane heng naturlegvis saman med Ingebrigtsens eventyrlege resultat. Han tok OL-gull på 1500 meter i fjor. I 2022 sette han innandørs verdsrekord på 1500 meter, tok VM-gull på 5000 meter og EM-gull på både 1500 og 5000 meter – for å nemne noko.

Vebjørn Rodal og Jann Post på OL-stadion i Tokyo

TVILER: Jann Post (t.h.) trur ikkje Jakob Ingebrigtsen set tre verdsrekordar i vinter, men meiner sjansane er gode for at nordmannen forbetrar den eine han allereie har.

Foto: Anders Skjerdingstad / NRK

NRKs friidrettskommentator Jann Post fryktar ikkje at Ingebrigtsen blir påverka negativt av forventningane som blir bygde opp.

Tviler på rekordras

Han er av dei største trekkplastera, dei vil hausse det opp mest mogleg for å få full hall eller fulle tribunar. Det må han rekne med, og eg trur han er den siste som lèt seg stresse av det, seier Post.

Kva moglegheiter har han på dei tre verdsrekordane det her er snakk om?

Den lettaste å slå, er hans eigen rekord på 1500 meter. Med tanke på potensialet han har vist utandørs, kan han slå han på ein 90 prosent dag. 3000-meterrekorden er hardare, men ikkje umogleg. Skal han slå han, må forma vere ordentleg spissa og han må få eit perfekt løpsopplegg.

Kva med 5 km gateløp?

Han kunne klart han også om han gjekk heilhjarta inn for det, men eg har vanskeleg å sjå for meg at han legg opp til å vere i sitt livs form på nyttårsaftan. Det er utandørs-VM i Budapest alt handlar om for Jakob denne sesongen, fastslår Jann Post.

Sportsnyheter

Sædís Rún Heiðarsdóttir var langt nede etter Vålerengas nederlag mot Wolfsburg i Mesterligaen.

Oppløst i tårer etter «fullstendig hodemist»: – Det var en gave

Mens de fleste snakket om Wolfburgs omdiskuterte vinnermål, gikk en nedbrutt Sædís Rún Heidarsdóttir av banen vel vitende om at hun serverte tyskernes første mål.

Solveig Løvseth under Ironman i Hawaii.

Solveig hjemme etter sensasjonen i Ironman: – Hun har ei lysende framtid

26-åringen ble historisk da hun sikra Norges første VM-tittel på kvinnesida. Sportssjefen tror ikke mange skjønner hvor stor prestasjonen er.

en mann som løper på en bane

Opnar for endring etter verdsstjerne-flukt: – Får sjå kva veg vi går

Verdsstjerner som Rai Benjamin og Femke Bol droppar hekkeløp. Karsten Warholm er ikkje framand mot å teste noko nytt.

Siste nytt

  • Caroline Graham Hansen kom inn og scoret

    Caroline Graham Hansen hvilte fra start, men entret banen 59 minutter ut i onsdagens mesterligakamp mellom Roma og Barcelona.

    Den norske stjernen fikk æren av å fastsette sluttresultatet til 4–0 i favør storlaget fra Katalonia. Dette var hennes første mesterligascoring for sesongen.

    Barcelona topper tabellen etter to kamper med full pott og ti plussmål. De to andre lagene som har vunnet begge kampene, er OL Lyonnes og Wolfsburg.

    Guro Reiten fikk 35 minutter som innbytter da Chelsea knuste Paris FC 4-0 på Stamford Bridge. London-laget har plukket fire poeng.

    (NRK/NTB)

    Caroline Graham Hansen
    Foto: AP
  • Ada Hegerberg åpnet målkontoen

    Ada Hegerberg spilte fra start med kapteinsbindet på armen da OL Lyonnes fikk besøk av St. Pölten i mesterligaen onsdag kveld.

    Rett før pause åpnet den norske stjernespissen målkontoen i denne utgaven av turneringen.

    Det var Hegerbergs 67. mål på 77 kamper i Champions League, og ingen er i nærheten av å ha så mange i turneringens historie. Nærmest er Anja Mittag på 51.

    Da hadde allrede Jule Brand gitt det franske storlaget ledelsen. Sju minutter ut i andre omgang sørget Lili Yohannes for 3–0 seier til OL Lyonnes, som alltid er en av favorittene til å gå langt i mesterligaen.

    (NRK/NTB)

    ADA

Sendeplan

Kl. Program Kanal