Klar for semifinale i meisterligaen: – Heilt utruleg at vi har klart det

Få hadde nok Vipers Kristiansand som ein favoritt i meisterligaen før denne sesongen. Men no er sørlendingane klar for semifinale i Europas gjævaste selskap.

Sjå sending med reaksjonar etter Vipers sin kvartfinalebragd mot Buducnost.

Laster innhold, vennligst vent..

– Det er superdeilig. Dette har vore eit hårete mål. Eg tykkjer det er heilt utruleg at vi har klart det. Eg er kjempestolt, seier keeper Katrine Lunde til NRK.

Vipers Kristiansand vart til slutt overlegne over to kampar mot Buducnost frå Montenegro i kvartfinalen.

Sørlendingane hadde fem mål å gå på før returmøtet i Kristiansand laurdag kveld. Der la dei all tvil til side.

Vipers er klar for «final four», og skal spele semifinale i meisterligaen for første gong.

– Dette er fantastisk. Eg hadde ikkje heilt trudd dette då vi starta sesongen. Men vi har blitt betre og betre for kvar månad som har gått, seier Vipers-spelar Linn Jørum Sulland.

Sjå intervju med Katrine Lunde etter at semifinalen vart sikra.

Lunde-show

Laget la grunnlaget i forsvar. Dei stengde igjen alle krikar i krokar. Det forsvaret ikkje klarte å stoppe, plukka keeperveteran Katrine Lunde.

Keeperen, som vende heim til Kristiansand i 2016 hadde ein redningsprosent på over 50 i første omgang.

No er sørlendingen klar for ein ny semifinale i meisterligaen. Fire gonger tidlegare har ho vore med på å vinne.

Ein annan, som også har vore i final four tidlegare, er trenar Ole Gustav Gjekstad. Han har leia Larvik til gull i meisterligaen tidlegare.

– Det er fantastisk. Dette var ei stor glede. Det er ei kjempeoppleving å klare dette på heimebane, seier han.

Malin Aune

Landslagsspelar Malin Aune skal spele semifinale i meisterligaen med Vipers Kristiansand.

Foto: Tor Erik Schrøder / NTB scanpix

Overlegne i andre omgang

Vipers leia 11-8 til pause, men skrudde til stikka endå eit hakk i andre omgang. Midtvegs leia dei med seks.

Dermed hadde Buducnost 11 mål å ta att for å komme seg til semifinalen. Men det klarte dei ikkje.

For dei norske landslagsstjernene Linn Jørum Sulland, Henny Reistad og Amilie Hegh Arntzen stod fram, og sende dei over 2000 heimepublikummarane til himmels, og til semifinale i Budapest i mai.

Det er første gang sidan 2015 at eit norsk lag tek seg til semifinale i meisterligaen. Larvik tapte finalen dette året.

Tysdag blir det klart kven Vipers møter i semifinalen. Der ligg Rostov, Metz og Györ i bollen.

– Vi må berre ta dei vi får, seier Katrine Lunde.

Sjå intervju med Jeanett Kristiansen (t.h.) etter kvartfinalen mot Buducnost.