Hopp til innhold

Svane slo knockout på den tidlegare boksaren

Jørn Vibeto såg fram til å kjøle seg ned og ana fred og ingen fare då han hoppa i sjøen. Men sørlandsidyllen vart raskt til eit blodbad.

Jørn Vibeto

Slik såg Jørn Vibeto ut etter møtet med svana.

Foto: Privat

– Eg vart rett og slett overraska over kreftene den hadde. Og at den var såpass aggressiv og direkte.

Porsgrunn-mannen skulle berre ha eit kjapt kveldsbad på hytta i Arendal. På veg inn igjen til land høyrde han plutseleg fresing. Då han titta opp såg han rett på ei stor svane.

– Svana føltest veldig svær då eg stod i vatnet. Den gjekk rett på meg. Det sa berre pang i hovudet. Eg fekk fomla meg opp igjen. Då var den på veg mot meg endå ein gong.

Tvedestrandsposten skreiv om saka først.

Se video av svane-angrepet.

Nasen knakk

52-åringen kom til seg sjølv igjen etter eit nytt slag, og fekk tak i halsen til svana. Han kasta den vekk og sprang unna så fort han kunne. Alt vart dokumentert av sonen Christoffer som filma dramatikken.

På land måtte han innsjå nederlaget. I staden for eit kjølig kveldsbad stod han der blodig, forslått og med ei skada nase.

– Nasen knakk. Det var såpass hardt. Den trefte rett over naseryggen og det vart eit ope sår. Så det var mykje blod. Svana har eit ledd i vengene. Det var dette som trefte meg. Nesten som eit balltre, fortel han.

– Det er ikkje første gang eg har knekt nasen, så den var ikkje heilt rett frå før, ler han.

For i ettertid klarer han å le av det heile.

– Eg håpar den får nokre fine barn utpå der. For den har jo eit reir. Men vi får håpe dei blir litt mindre sinte.

Vil åtvare mot kampsvana

Det er heller ikkje første gang kampsvana «brusar med fjøra». Holmesund vel, som eig den tilsynelatande idylliske Teineholmen der svanen med familie bur, seier dei er klar over den aggressive tonen.

Dei har tidlegare åtvara folk på Facebook-sida si, men vurderer no å setje opp skilt og sperreband.

Leiar i vellet, Sven Gjeruldsen, ber folk unngå å nytte området til egga er klekka og svana borte.

– Hannsvanen har den siste tida vore meir aggressiv når folk ha nærma seg stranda. Fleire i småbåt er blitt forfølgt av den. Dessverre vart vi for seint klar over at det var etablert eit svanereir på holmen i år, seier han til Tvedestrandsposten.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

en person som står på et kjøkken

Den norske kirke sier unnskyld: – På tide, og på sin plass

Jimmy Robinson

Tapte søksmål mot staten: – Det føles nytteløst

Gravid kvinne står oppreist og holder på magen

Rebekka var redd da hun ble gravid med sitt tredje barn

en mann som står på en gate

Frykter ungdom lar seg inspirere til å begå alvorlig kriminalitet

En gruppe bygninger i en by

Vil holde kirurgioppgaver borte fra Flekkefjord – skal likevel ansette to kirurger

Spilles av
Hvor «fat friendly» er Tusenfryd?
Neste