Hopp til innhold

Pedersen om Jerv-exiten: – Ei krevjande tid

Start-trenar Steinar Pedersen vedgår at han opplevde avskjeden med FK Jerv som krevjande.

Steinar Pedersen og Sander Heggheim

VIDEO: Steinar Pedersen snakker ut om overgangen fra Jerv til Start.

– Det var ei krevjande tid fordi det kunne ha vore løyst på ein mykje smidigare måte. Men resultatet vart som det vart, og det er eg nøgd med, seier Pedersen til NRK.

23. desember skreiv Pedersen under ei treårskontrakt med Start. Men vegen fram til signaturen var på plass var lang.

Pedersen førte Jerv til kvalifiseringsplass der dei tapte den siste og avgjerande kampen mot Start på Sør Arena.

– Skapte unødvendig mykje støy

Etter spekulasjonar i mediene om ein overgang til Start, sende FK Jerv ut ei pressemelding 5. desember.

Start Steinar Pedersen flagg

Steinar Pedersen var presentert som Start-trenar 23. desember.

Foto: Schrøder, Tor Erik / NTB scanpix
Steinar Pedersen og Per Gunnar Topland

Steinar Pedersen og Per Gunnar Topland på Levermyr stadion.

Foto: Liv Eva Welhaven Løchen / NRK

Der gjekk det fram at Jerv i eit ekstraordinært styremøte hadde konkludert med at det var uaktuelt å sleppe Pedersen til naboen i vest.

– Ballen er død. Pedersen har kontrakt med Jerv. Pedersen er trenar for FK Jerv i 2016, sa styreleiar i Jerv, Per Gunnar Topland til Agderposten.

Søndag opnar Start eliteseriesesongen med Steinar Pedersen på sidelinja. Start-trenaren har sjølvsagt ikkje gløymt avskjeden med Jerv.

– Det var ein situasjon som vart handtert på ein måte som skapte unødvendig mykje støy, seier Pedersen.

Det er ikkje Topland i FK Jerv einig i.

– Det har eg ingen kommentar til utover at vi har veldig god samvittigheit i den prosessen, seier Topland.

Steinar Pedersen danser

Steinar Pedersen feirar bortesigeren mot Kristiansund saman med supportarane.

Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB scanpix

Hylla av Jerv-fansen

Då Pedersen møtte gamleklubben i treningskamp Sørlandshallen i vinter vart Start-trenaren hylla av dei frammøtte Jerv-supportarane i «Svaberget».

– Det var ein gest eg set veldig stor pris på. Svaberget er ei lita, men ekstra dedikert supportargruppe som voks seg større og større gjennom perioden i Jerv.

– Det er supportarar som verkeleg brenn for klubben. Måten dei takka meg på i Sørlandshallen sette eg veldig stor pris på, seier Pedersen.

Stor skilnad på klubbane

Pedersen vedgår at det er stor skilnad på å vere trenar i Start samanlikna med 1. divisjonsklubben Jerv.

– Alt er større. Det er meir fokus på ein sjøl som person og trenar. Det er meir fokus på laget, seier han.

– I Grimstad fekk eg lov til å jobbe litt i fred og teste ut meg sjølv. Eg hadde ei veldig lojal spelagruppe som tok steg gradvis. Det håpar eg vi skal sørge for at skjer her i Start også. Så langt har gruppa vore fanstistiske. Dei jobbar hardt, dei har teke nye idear. Det er mange gode fotballspelarar her, seier Pedersen.

Jervsupportere

Jerv-supportarane får skryt av sin tidlegare trenar.

Foto: Schrøder, Tor Erik / NTB scanpix

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,6 kr
Dyrest kl. 18 1,95 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %