I mars 2022 brann det i spa-avdelinga i badelandet på Hovden. Avdelinga blei totalskadd, og måtte byggast opp igjen frå grunnen.
Nå er arbeidet med nytt bygg godt i gang.
Blant anna skal det oppgraderte badelandet ha eit stupetårn frå taket som ikkje blir festa i bakken nede. Stupetårnet skal vere frittsvevande.
– Så opplevinga av å stupe frå ein femmeter her, når du ikkje har noko under deg, det blir ganske spennande. Litt usikker på om eg vil hoppe sjølv, men det får vi ta etter kvart.
Det seier Dagleg leiar Torvald Gautland.
Dagleg leiar Torvald Gautland gler seg til det nye badelandet opna, men er usikker på om han vil opp i stupetårnet.
Foto: Svein Sundsdal / NRKUnikt i Europa
Det nye badelandet vil bli noko ganske annleis i forhold til det som har vore til nå, meiner Gautland.
– Vi får ei velværeavdeling, og ei flott badstue ned med skiløypa og elva rett på sida, seier Gautland.
Og det vil også vere ein akvedukt som går over skiløypa. Altså eit basseng.
– Vi har sjekka og er ganske sikre på at det ikkje finst noko liknande i Europa, fortel Gautland.
Eit utandørsbasseng skal bidra til at folk har lyst til å besøke badelandet også når det er fint vêr.
Illustrasjon: Hovden FossebadSkal bli like lønnsamt som alpinanlegget
Målet er at prosjektet til nærare 150 millionar kroner skal generere like mykje verdiskaping som alpinanlegget gjer.
Bykle kommune har spytta inn litt over 70 millionar til oppgraderinga. Dei ser på pengane som ei god investering.
– Ein seier gjerne at éi krone tent på eit skisenter kan du gonge med åtte på det rundt. Eg ville rekne med at det har noko av same effekt på eit badeland. Eg håpar i alle fall det, seier ordførar i Bykle Hans Blattmann (Ap).
Ordførar Hans Blattmann håpar at 70 millionar var ei god investering.
Foto: Svein Sundsdal / NRKRundt 40.000 besøkte badelandet i fjor. Målet er at det nye badelandet skal trekke opp mot 60.000 besøkande i året.
– Vi ønsker at badelandet skal bli brukt heile året, også når det er fint vêr, seier Gautland.
Det nye badelandet opnar 27. september.