Hagen skreiv ny kontrakt med Odd

Sørlendingen Steffen Hagen skreiv under kontrakt med Odd Grenland ut 2015-sesongen.

Odd Grenlands Steffen Hagen

BLIR I ODD: Steffen Hagen har skrive ny kontrakt med oddrane.

Foto: Svein Ove Ekornesvaag / Scanpix

dag Eilif Fagermo får skryt av spillerne sine etter seieren over Rosenborg på Lerkendal

Dag-Eilev Fagermo

Foto: Kallestad, Gorm / SCANPIX

– Dette er ei viktig signering for Odd Grenland. Kontinuitet er viktig, og vi veit at vi alltid får ein topp prestasjon ute på bana av steffen, seier trenar Dag-Eilev Fagermo til klubben sine nettsider.

Den opprinnelege kontrakta til forsvarsspelaren gjekk ut etter denne sesongen.

– Han har ei flott personlegheit som er viktig i spelargruppa, og eg meiner faktisk at Hagen er ein av Odd sine sterkaste spelarar gjennom tidene, seier Fagermo.