Det politiske fleirtalet i landets femte største by har smuldra opp.
– Vi håpar dette landar til slutt, men byen hadde fortjent betre enn det folk er vitne til no, seier SV-politikar Andreas Landmark.
Bystyrekoalisjonen med Arbeidarpartiet i spissen har ikkje lenger fleirtal. Dei siste dagane har fleire parti og representantar i tur og orden trekt seg frå samarbeidet.
No skal dei bli samde om eit budsjett på over ni milliardar kroner. Det blir ikkje enkelt.
Bystyret har hatt eit skjørt fleirtal sidan sjokkvalet i 2019. Seks parti har til saman utgjort fleirtalet saman med fleire uavhengige representantar.
Til og med Folkelista, som har varaordføraren, har trekt seg frå samarbeidet.
– Dette er ei varsla katastrofe. Ein har venta på dette sidan koalisjonen vart inngått etter valet. Det har kanskje vore det mest ustabile fleirtalet i Kommune-Noreg, seier Dag Ingvar Jacobsen, professor ved Universitetet i Agder.
BRAUT UT: Erik Rostoft (Folkelista) er varaorførar i Kristiansand. No har partiet hans trekt seg frå koalisjonen med Arbeidarpartiet og fleire andre.
Foto: Per-Kåre Sandbakk / NRKVil ikkje samarbeide med Demokratene
Det er spesielt to saker som gjer at koalisjonen no har smuldra opp.
- Kommuneoppløysing: Kristiansand, Søgne og Songdalen vart tvangsamanslått i 2019. Fleire vil reversere samanslåinga. Andre vil ikkje på grunn av kostnadene.
- Flytting og bygging av ny containerhavn i byen.
– Eg veit ikkje om kaos er det rette ordet, men det er uoversiktleg. Ein veit ikkje kor det blir fleirtal, seier Senterpartiets Reidar Heivoll.
Situasjonen er heller ikkje enkel på borgarleg side. Høgre, som er det nest største partiet i byen, må ha med seg fleire av utbrytarane frå koalisjonen og Demokratene for å få fleirtal.
Problemet er at verken Høgre eller Venstre vil samarbeide med Demokratene.
– Det er synd dei ikkje vil prate med oss. Her må vi tenke på kommunens beste og ikkje setje vårt eige ego i høgsetet, seier Demokratenes Vidar Kleppe til Fædrelandsvennen.
– Polsk riksdag
Det vil truleg bli lagt fram fleire budsjettforslag frå dei ulike partia i bystyret i desember.
Det heile kan ende med at Arbeidarparti-ordføraren må styre byen på eit borgarleg budsjett.
Politisk redaktør i Fædrelandsvennen, Vidar Udjus, brukar sterke ord når han skal beskrive situasjonen i Kristiansand.
– Polsk riksdag, avdeling Kristiansand, skriv han i ein kommentar i avisa.
Han dreg parallellen til Polen der kvart medlem tidlegare kunne legge ned veto i saker dei var usamde i. Kvar gang det vart gjort, vart parlamentet oppløyst, og alle vedtaka som hadde blitt fatta vart oppheva.
– Så gale er det sjølvsagt ikkje i Kristiansand. Men det politiske kaoset som akkurat no herskar, er i alle fall i overført betydning ein parallell, skriv han.
Varaordførar Erik Rostoft meiner innbyggjarane ikkje treng uroe seg, trass i at situasjonen framstår som særs kaotisk.
– Eg er heilt roleg på dette. Kristiansand får eit ansvarleg budsjett. Men det kan bli eit noko uortodoks budsjettfleirtal. Så ser eg utfordringa med å vere Ap-ordførar å styre på eit Høgre-budsjett, om det blir utfallet. Men Kristiansand blir ikkje skadelidande, meiner Rostoft.
Utbrytar trekte seg for andre gang
For å forstå kaoset i kristiansandspolitikken må vi tilbake til valet i 2019, som av mange har blitt kalla protestvalet. Demokratene gjorde eit brakval og det nystarta partiet Folkelista kom inn med fleire representantar.
Det var så vanskeleg å finne eit fleirtal at det tok ein månad å blinke ut byens nye ordførar.
Lajla Elefskaas vart vald inn i bystyret for Demokratene. Men berre ein dryg månad etter valet trekte ho og to andre partimedlemmer seg frå partiet.
Deretter vart dei ein del av fleirtalskoalisjonen til Arbeidarpartiet. No har altså alle trekt seg derifrå også.
For henne handlar det om kommunoppløysing. Ho vil ha skilsmisse og Søgne kommune tilbake.
– Grunnen til at det vart vanskeleg for meg er først og fremst saka med Søgne og den manglande forståinga eg følte eg fekk. Så er det dette med havna som er eit viktig punkt. No vil dei bygge ut for 76 millionar, mens vi har ei skriftleg avtale om at ingenting skulle skje, seier ho.
UTBRYTAR: Lajla Elefskaas har trekt seg frå både Demokratene og fleirtalskoalisjonen i Kristiansand.
Foto: Svein Sundsdal / NRK– Ingen fare for demokratiet
Professor Dag Ingvar Jacobsen har følgt politikken i Kristiansand tett. Han meiner det ikkje er noko fare for demokratiet.
– Det har aldri vore meininga at det skal vere eit system med ein tydeleg posisjon og opposisjon. Hovudideen bak kommunepolitikken er at det skal vere så uformelt at partane kan trekke seg ut når dei ikkje er nøgde, seier Jacobsen.
Professoren meiner han dei siste 20-30 åra har sett ei utvikling der kommunestyre drivast meir som ei regjering der ein har ein styringsplattform. Særleg i dei største byane.
– Det var aldri meninga at det skulle vere slik på lokalt nivå. I kommunestyrene skulle ein diskutere kvar enkelt sak. Dette er altså ingen fare for demokratiet, kanskje tvert imot, meiner Jakobsen.