Hopp til innhold

Arendal kommune testar nytt sosialt medium

Arendal testar ut den nye kommunikasjonsplattformen Hudd for å kommunisere med innbyggjarane sine.

en person som holder en telefon med logo av Hudd

Hudd har 15 års aldersgrense og krev innlogging via Bank-ID eller Vipps.

Foto: Tare Reklev Øverbø / NRK

Kommunen har som mål å kunne forsvinne heilt frå dei sosiale media som er styrte av det amerikanske selskapet Meta.

Vi har allereie lagt ned Instagram. Vi trur det er viktig å støtte opp om lokaldemokratiet og sterke lokalsamfunn, og då er vi usikre på om Facebook, eller Meta, som er amerikanskbaserte selskap, er dei viktigaste kanalane for oss.

Les også Denne norske appen vil ta over for Facebook – i Noreg

Fleten ser på mobilen sin medan ho sitt i eit lokale.

Det seier Runa Lindebjerg, kommunikasjonsrådgjevar i Arendal, og forklarer at den norske plattforma skal gje brukarane meir påliteleg informasjon.

Det er dei som bur rundt deg du får informasjon frå. Dette meiner vi er ein styrke. Samstundes er det berre ekte brukarar.

Lindebjerg trekk fram at ein på dei amerikanske plattformene ofte ser falske brukarkontoar som kan vere ei kjelde til feilinformasjon og konspirasjonsteoriar.

Fornøgd med oppstarten

På Hudd må ein logge inn med anten Bank-ID eller Vipps.

Det er eit sosialt medium som er utvikla i Noreg, og som ikkje er styrt av algoritmar på same måte som dei tradisjonelle sosiale media Facebook og Instagram. Dette betyr mellom anna at innhald kjem i kronologisk rekkjefølgje.

Plattforma ønskjer å vere reklamefri, og det er 15 års aldersgrense.

en person som holder en enhet

Å konkurrere med Meta sine appar som Facebook, Instagram og WhatsApp er ikkje enkelt. Likevel har kommunane tru på at dei kan få innbyggjarar over på andre plattformer.

Foto: AFP

Arendal er ein av 12 norske kommunar som har gått over til den nye plattforma. Kommunen har vore aktiv på Hudd sidan august.

Enn så lenge er det ikkje så veldig mange brukarar på Hudd, men vi ser allereie at engasjementet på postane våre er nesten like stort som på Facebook, seier Ragna Lindebjerg.

Les også Vil nå deg på nye måtar

App til innbyggarane

– Treng god informasjonskanal

Eit anna organ som har valt å teste ut den norskutvikla kommunikasjonsplattforma er det kommuneeigde pensjonsselskapet KLP.

Marknadsdirektør Pia Fiskvik Karfjell i KLP seier at dei store sosiale media har vorte stadig meir problematiske.

Vi ønskjer ikkje å vere på dei flatene. Det er personvern og andre omsyn som gjer at vi har valt å ikkje vere der. Vi er eigde av kommunane i Noreg, og vi ser at dei slit og treng ein informasjonskanal ut til innbyggjarane.

Marknadsdirektøren fortel at KLP gjerne ville bidra til å løyse denne utfordringa.

– Då vi oppdaga at Hudd var i ferd med å byggje seg opp som eit norsk selskap der ein veit kven brukarane er, så tenkte vi at vi kunne gå inn og vere med frå starten for å prøve å løfte dette som eit alternativ, seier ho.

– Eit ambisiøst prosjekt

Akkurat som i Arendal er også KLP fornøgde med oppslutninga om den nye plattforma i oppstarten.

Vi hadde kanskje ikkje venta at det var så mykje trafikk som det har vore. Det er jo ikkje stort enno, men så langt ser det bra ut, seier Fiskvik Karfjell.

Ho legg til at å skulle ta over for dei amerikanskstyrte plattformene er eit ambisiøst prosjekt, som vil vere avhengig av felles innsats.

Det er jo avhengig av at det er annonsørar som testar det ut og er med frå starten for å prøve å gjere noko med det. Eg tenkjer i alle fall at dette er eit medium og ein tankegang vi treng.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

En gammel død rotte blant treverk og rubbel

Rottejakt i Arendal rådhus: – Det har luktet litt stramt

Illustrasjonsbilde av markens i Kristiansand.

Ransbølge: – Vi står i en krevende periode

Ludvig Sødal Ringøen (16) og Sebastian Kjemperud (17) fikk en varm hjemkomst etter VM-gull i u18-VM i sandvolleyball.

Verdensmester (16) møtt med gulljubel: – Jeg har ikke ord

et par fotballspillere

Kolstad lekte seg mot ØIF Arendal – forlenget seiersrekken

Spilles av
Flere unge ser gammel film
Neste
Trøndere samlet til sommerfest. De sitter rundt et bord og spiser pizza.

Samles på Sørlandet: – Vi har noen egne kultur-koder som vi trøndere kjenner til

Båtvær i Arendal i oktober

Sensommer på Sørlandet: – Høytrykket holder stand