Hopp til innhold

Å vere seg sjølv

Lea får overraskingsbesøk, men det er ikkje så lett å gjere alle fornøgde.

Skjermbilde fra serien Campingplassen
Foto: NRK

Av og til endrar vi oss, alt etter kven vi er saman med. Med nokre venner er du kanskje ein tøffing, mens med andre er du den rolege og forsiktige. Å vise ulike sider av kven ein er, kan vere fint, men kva skjer dersom dei ulike vennene dine møtest? Kven vil du da vere?

Sjå episoden Venner i serien Campingplassen

Spørsmåla tar utgangspunkt i episoden, og kan vere eit fint utgangspunkt for å diskutere Leas dilemma om type vennskap. Elevane kan også dele eigne erfaringar rundt temaet vennskap, og kva som gjer at vi endrar oss alt etter kven vi er saman med.

  • Kvifor trur du at Sara ikkje vil vere saman med ferievennene til Lea?
  • Dei andre på volleyball-laget opplever Leas bestevenninne som litt spesiell. Kva tenker du?
  • Kvifor trur du Sara ikkje vil at Lea skal vere med å spele volleyballfinalen?
  • Kva ville du gjort om du kom på overraskingsbesøk, og bestevennen din heller ville vere med dei nye ferievennene enn å henge med deg?
  • Korleis hadde du reagert om du fekk vite at bestevennen din hadde loge for deg?
  • Kva trur du vil skje når Lea og Sara møtest etter ferien?
  • Har du opplevd at det er vanskeleg å vere saman med ulike venner samtidig? Kva kan vi gjere for at det ikkje blir så vanskeleg?
Viser to jenter som tar selfie i sjøkanten
Foto: NRK

Passar for 5. - 7. klasse