Hopp til innhold

Å vere ein superhelt

Eldar gler seg til å bli superhelt, men han er den einaste av elevane som ikkje har fått si superkraft! Blir han kasta ut allereie første skoledag?

Skjermbilde fra serien Superheltskolen
Foto: NRK

Er det noko du er ekstra god til, noko som er di superkraft? Kanskje er di superkraft så bra for deg eller dei rundt deg, at du også kan kalle deg ein superhelt.

Sjå episoden Første skoledag i serien Superheltskolen

Spørsmåla tar utgangspunkt i episoden som kan vere fin og morosam å sjå saman i klasserommet. Etterpå kan ein i fellesskap prate om omgrepa «superkrefter» og «superhelt», og kva det kan bety.

  • Barna på Superheltskolen skil seg litt ut frå andre barn. Korleis? Kva slags superkrefter har dei?
  • Eldar er redd for at han ikkje passar inn. Kvifor det?
  • Kvifor trur du Kine er så opptatt av at Eldar skal vise at han kan fly? Og kva er grunnen til at ho ikkje er noko hyggeleg mot Eldar?
  • Kvifor er det bra at superheltar er ulike? Kom med eksempel.
  • Gjeld dette i klassen din også? Fortel om ein ting du er flink til – kva er di «superkraft»?
  • Kvifor kan det vere bra at de i klassen har ulike «superkrefter»?

Teikn deg sjølv som superhelt, og beskriv superkrafta di. Etterpå kan de saman sjå kor mange ulike superkrefter de har i klassen.

Gutt fjærter ild mens barn ser på
Foto: NRK

Passar for 1.-4. trinn