Hopp til innhold

Å ha ein bestevenn

I Bablo denne gongen er det Gro sitt kosedyr, Puselill, som oppfører seg rart. Gro lurer på om Puselill er sur på henne.

Skjermbilde fra serien Bablo
Foto: NRK

Mange liker å ha ein bestevenn. Av og til kan det vere kosedyret ditt som du kan fortelje alt til, og som i tillegg gir deg mykje kos. Bestevenner er gode å ha, men av og til kan også dei oppføre seg rart.

Spørsmåla tar utgangspunkt i episoden som er fin å sjå saman før de snakkar om temaet: Kva er ein bestevenn?

Sjå episoden Puselill er sur frå Bablo

  • Kvifor trur Gro at Puselill er sur på henne?
  • Kva prøver Gro å gjere for at Puselill skal bli glad igjen?
  • Kva gjer du for å få vennen din glad igjen når de har krangla?
  • Plutseleg er Puselill saman med Tor. Kva trur Gro har skjedd, og kva trur du?
  • Kva trur du Gro kjenner når ho ser at Puselill er saman med Tor?
  • Kva ville du gjort viss vennen din heller ville vere saman med andre i staden for deg?

Om du har eit kosedyr, så kan du kanskje teikne det og fortelje klassen om kva det heiter og kva de liker å gjere saman.

Tor med hammeren og kosedyret Puselill
Foto: NRK

Passar for 1. - 4. klasse