Kjenner du deg nokre gonger utanfor? Det treng ikkje ha noko som helst med deg å gjere. Alle er berre opptatte med sitt, og ser kanskje ikkje korleis dette kan opplevast for deg.
Sjå episoden Utanfor frå serien Klassen
Spørsmåla tar utgangspunkt i episoden, som er fin å sjå saman før de tar opp temaet, enten saman i klassen eller i mindre grupper.
- Kva skjer når Jacob kjem på skolen, og korleis trur du dette kjennest for han?
- Korleis ville du reagert om kompisen din hadde ein ny venn som han heldt litt skjult og ikkje ville prate om?
- Jacob ventar på Lukas etter skolen. Kvifor kjem han ikkje?
- Kvifor trur du Jacob har kjent seg som ein «loner»?
- Kvifor kan det bli vanskeleg når ein kompis får seg kjæraste?
- Lukas hadde ein grunn til at han var for sein. Kvifor trur du ikkje han har fortalt om dette tidlegare?
- Har du nokon råd til kva ein kan gjere om ein kjenner seg utanfor?
Passar for 5.-7. klasse