Skjelett av Even Olsen Tagholdt

PÅ UTSTILLING: Etter 100 år på utstilling i Stavanger Museum fekk Even Olsen Tagholdt endeleg fred.

Foto: Erik Waage / NRK

Til slutt fekk han ei grav – og ei hitlåt

Kvelertak blir hylla for ei ny låt. Men i songen ligg det ei historie som er så lang og vond at den til slutt måtte gravleggast.

27. mai 2019. Ivar Nikolaisen er heime på Moi for å besøke far og mor då han høyrer det.

Kyrkjeklokkene som ringer.

– Kven er det som skal gravleggast i dag? spør Kvelertak-vokalisten.

– Det er ein fyr som døydde for godt over 100 år sidan, seier faren.

Dette må Nikolaisen undersøke.

Han kontaktar ein tidlegare lærar som han hadde i lokalhistorie på ungdomsskulen.

Ivar Nikolaisen. Kvelertak

VOKALIST: Ivar Nikolaisen syng om Even Olsen Tagholdt i «Fanden ta dette hull».

Foto: Erik Waage / NRK

Den døde heiter Even Olsen Tagholdt. Han kom frå same stad, og døydde i 1859.

Men han var ikkje verd ei grav før 158 år seinare.

Songen som «alle» elskar

21. februar 2020. Kvelertak står på scenen på Folken i Stavanger. Dei har akkurat sloppe albumet Splid, og startar verdsturnéen i heimfylket denne kvelden.

Songtekstane har blitt til etter at dei har grave i lokalhistorie. Historia om Even Olsen Tagholdt har blitt ein hit som blir hylla av musikkmeldarar i og utanføre Noreg.

«Kvelertak's latest single has a classic sound, but «classic» only begins to describe the inspiration behind their new track «Fanden ta dette hull»», skriv amerikanske Loudwire Magazine.

Ivar Nikolaisen surfer på publikum under Kvelertakkonsert på Folken i Stavanger

FOLKEN: Kvelertak sin opningskonsert på Folken 21. februar 2020. Folk elskar det nye albumet Splid.

Foto: Erik Waage / NRK

Publikum er ville då Ivar Nikolaisen syng:

Halslenka og livgjord
Treve kilo jern på slep
I helvetes forgård
Har kagstrygingå satt sitt preg

Hans siste time he komme, for seint te å gjør någe med
Kan berre takka seg sjølv for det her, men kå hjelpe vel det

For Even Olsen Tagholdt blei livet alt anna enn jubel og hyllest.

Dårlege vener

Det er over 200 år sidan Even Olsen Tagholdt blei fødd. På garden Tagholdt i Lund kommune i 1807. Vi veit ikkje kva for ein dato. Berre at han blei døypt den 6. september.

I starten er livet fint, seier dei skriftlege kjeldene. Etter kvart giftar han seg og får to døtrer. Den eine dottera døyr tidleg.

Men Even Olsen Tagholdt skaffar seg også dårlege vener. Han stel brennevin, og blir dømt til slavearbeid.

I 1846 blir han sleppt ut fra fangenskap, og dukkar etter kvart opp i Stavanger.

Der tek han opp igjen kontakten med dottera Inger Marie. Ho har ei venninne, Hanna Jacobsdatter, som Even blir kjent med.

Denne kjennskapen skal endre resten av livet – og døden, til Even Olsen Tagholdt.

Hammar og løkke

Hanna Jacobsdatter er tenestejente hos Jens Byberg i Stavanger. Han er ein rik grosserar og bonde. Jobben til Hanna er å mjølke dei fire kyrne hans, og selje mjølka.

Men Byberg vil helst ikkje bruke pengar, og Hanna klagar seg til Even. Ho frys og svelt, seier ho.

Sinne og frustrasjon blir til ein skummel plan.

Even og Hanna vil stele alle pengane til Byberg. Even meiner dei bør drepe han også.

Tidleg laurdag morgon 25. februar 1854 slår Even Byberg med ein hammar i hovudet på låven hans.

Men Jens dør ikkje.

Even festar ei løkke rundt hovudet på den bevisstlause bonden, og heng han opp i ein bjelke. Då kan det sjå ut som eit sjølvdrap.

Even og Hanna tar pengane til Byberg og drar frå åstaden. Draumen til Even har vore å reise til Amerika. Begynne på nytt.

Politi og lege kjem til åstaden. Liket blir obdusert på stovebordet.

Legen ser skadane i ansiktet til Byberg og forstår at dette ikkje er sjølvpåført. Han kallar det eit rovmord av verste sort.

Politiet tek opp jakta.

Hanna blir raskt mistenkt og tatt, men ho klarar å stå i mot presset i vekevis utan å tilstå eller navngi sin medsamansvorne. Hanna veit at ho risikerer dødsdom og at straffa er halshogging.

Men til slutt bryt ho saman og tilstår.

Even er ein fri mann heilt til juni same år.

Han får ikkje tak i billetten som skal få han til Amerika, og er tilbake på heimplassen då politiet kjem mannsterke og sirklar han inn.

I september får dei dødsdommen av byfogden i Stavanger.

Fem månader seinare gjer høgsterett dommen om til straffearbeid på livstid.

Hanna sonar i Kristiansand, medan Even blir sendt til Bergenhus. Det siste året sonar han i Akershus festning.

På Akershus blei fangane delt inn i ærlege og uærlege. Even Olsen Tagholdt var del av den siste gruppa. Han er ein av fangane dei gjer kva dei vil med.

Even Olsen Tagholdt døyr av lungebetennelse 7. oktober 1859. Øydelagt og nedbroten.

Men så dukkar han opp på Stavanger Museum.

Ein verkeleg person

I mange år har gjester på Stavanger Museum sett eit skjelett i eit utstillingsmonter.

Leivningane etter Even Olsen Tagholdt.

– Korleis han har hamna her er vi litt usikre på, seier avdelingsdirektør Jørgen Rosvold.

Ei forklaring kan vere at han har gitt kroppen sin til vitskapen. Men det finst ingen dokumentasjon på det.

Jørgen Rosvold, avdelingsdirektør MUST med skjelett i bakgrunnen

VILLE GJERE NOKO: Avdelingsdirektør på Stavanger Museum, Jørgen Rosvold kjente at det var feil at skjelettet til Even Olsen Tagholdt sto på utstilling.

Foto: Erik Waage / NRK

Ein såg annleis på etikk og moral før, forklarar Rosvold. Kroppane til straffangar var gjerne ikkje like mykje verd.

Slik er det ikkje no, og difor synest ikkje Rosvold det er riktig at skjelettet skal stå på utstilling lenger.

– Dette er ein person som ikkje har gitt sitt samtykke, då skal han heller ikkje stillast ut, seier Rosvold.

Han kontaktar biskopen. Kan kyrkja gi Even Olsen Tagholdt ei verdig avslutning?

Det vil dei.

Men kor skal han gravleggjast? Rosvold ringer til heimkommunen Lund. Presten og ordføraren må tenkje seg om.

Men dei kjem til det same svaret.

Even Olsen Tagholdt skal få si siste kvile heime på Moi i Lund kommune.

Museumspedagogen i Lund meiner det er ei god avgjersle.

– Vi skal ikkje dømme kva han har gjort. Han fekk sin dom og sonte den på verst mogleg måte. Den er han ferdig med, seier Per Christoffer Salvesen.

For Rosvold skjer det noko rart då Even Olsen Tagholdt forlèt utstillingsmonteren for å leggast i den kvite kista.

Han går frå å vere eit museumsobjekt til å bli ein verkeleg person, tenker Rosvold. Og kjenner at dette er det riktige å gjere.

Tar farvel

27. mai 2019.

Kommunen har skrive ei kort kunngjering på heimesidene sine. Dei som vil, kan vere med på Even Olsen Tagholdt si urnenedsetjing måndag klokka 12.

Ordføraren er spent på om nokon kjem.

Gravstein til Even Olsen Tagholdt og Lund kirke i bakgrunnen

HEIME: Even Olsen Tagholdt fekk si siste kvile ved Lund kirke i heimkommune.

Foto: Erik Waage

Og der på kyrkjeplassen står om lag 40 personar.

Ordføraren, rådmannen, kultursjefen. Ein kulturkonsulent, kyrkjetenaren, og ein representant frå Stavanger bispedømme går i prosesjon frå bårehuset til kyrkjegarden ved Lund kirke.

Der stiller dei seg i ein halvsirkel på graset framføre eit hol i bakken.

– Kjære frammøtte. Vi er samla her i dag ...

Ordførar Olav Hafstad held tale på den staden som snart skal bli Even Olsen Tagholdt sin siste kvilestad.

Urna blir firt ned i bakken medan Bente Brogeland syng «Fager kveldssol smiler».

Tagholdt har fått ein brun, rund gravstein med namn, og dato for dåp og død.

Og han har endeleg fått sin siste kvileplass.

– Vi lyser fred over Even Olsen Tagholdts minne, avsluttar ordføraren.

Han synest det er ein verdig måte å setje strek på.

Det er fullt på det gamle bedehuset Fjellhaug under minnestunda etterpå.

Men dei kallar det historiestund.

Verd ein song

21. februar 2020. Turnéåpning på Folken. Men siste vers i songen om Even Olsen Tagholdt:

Åran gikk
Knoklan stod
For folk og fe
Som attraksjon
Venta mer enn
Hundre år
På å bli senka
I vigsla jord

Etter 158 var han verd ei grav – og ein song av eit verdskjent metalband.

Gravstein Even Olsen Tagholdt

158 ÅR SEINARE: I 2019 fekk Tagholdt ei grav. 158 år etter han døydde.

Foto: Erik Waage NRK