Paul Løland i Forsand sitt rosa sentrum

Paul Løland framfor venterommet på kaia i Forsand sentrum.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Ein mann og hans kommune

Han braut med partiet han var vald inn for og avgjorde heimkommunen sin skjebne heilt på eiga hand. Så angra han seg.

– Eg stengde meg inne. Fekk sosial angst. Gjekk ikkje til Coop-en. Det var ikkje så mykje kva folk sa, men kva dei tenkte. Kva tenkte dei eigentleg om meg?

Paul Løland sine erfaringar frå Forsand kommune er ikkje unike. Men så er nok historia hans ganske unik likevel. For kva skjer når storpolitikken møter ei lita bygd? Kva skjer når jakta på makt og innflytelse tar over heile livet? Og kva skjer når du då angrar bittert, men det ikkje er nokon veg tilbake? Uansett kor mykje du prøver.

Paul Løland blei kasta inn i det største som har hendt kommunen nokonsinne. Spørsmålet om heile kommunen sin eksistens. Og sjølv om han var ein fersking som kommunestyrepresentant for Senterpartiet, nybegynnar i politikken, tok Løland hovudrolla. Det kosta han det meste. Meir enn han liker å snakka om.

– Det var utruleg tøft. Men andre har heilt sikkert opplevd verre.

Han kjem til å seia det ofte. At andre har sikkert opplevd verre. Eller at han sjølv var med på det som skjedde. Han ønsker ikkje å lata som at han er eit offer.

For han tok alle vala med opne auge. Nå sit han i bilen med NRK i det ferja legg til ved Oanes i Forsand kommune.

– Eg kjenner eg eigentleg er ganske ferdig med plassen, seier han om bygda der han er født og oppvaksen.

Bygda som ikkje lenger er hans heim.

Det vanskelege valet

Han var eigentleg berre ein over gjennomsnittet samfunnsengasjert lastebilsjåfør, Paul Løland. Men i 2015 blei han vald inn i kommunestyret i Forsand for Senterpartiet. Han skulle gå i faren sine fotspor. Årstein Løland. Tidlegare ordførar i kommunen.

Imens gjekk det føre seg eit arbeid på andre sida av landet. Oslo. Der det ikkje er så mange lastebilsjåførar. På Stortinget.

Det blei den borgarlege regjeringa og kommunalminister Jan Tore Sanner sitt store prestisjeprosjekt. Kommunereforma. Talet kommunar skulle ned.

Året etter valet kom kommunereforma til Forsand. Det vart starten på slutten på Paul Lølands politiske karriere.

Og mykje anna i livet.

For alle ville jo ha kommunen med Preikestolen. Så fekk det gå greitt at dei fekk bygda med på kjøpet. Paul Løland sin barndomskamerat, ordførar Bjarte Dagestad, flagga tidleg at han meinte at kommunen skulle slå seg saman med Sandnes. Den store naboen over fjorden.

Løland likte det han høyrde.

Kanskje fekk dei behalda ferja frå Lauvvik i Sandnes til Oanes i Forsand? Ho skulle eigentleg leggast ned. Kanskje kunne dei få ein tunnel frå Frafjord i Gjesdal til Espedal i Forsand? Ein tunnel dei hadde snakka om i årevis, men som alltid blei dytta ned på listene når det blei vedteke store vegprosjekt. Sandnes var ein stor kommune med over 75.000 innbyggarar. Dei hadde dei fleste tenester, og kunne klara dei fleste oppgåver staten la på dei.

Men så var det eit problem.

Fleirtalet i Senterpartiet ville ikkje til Sandnes. Dei ville til Strand. Naboen i nord. Det er allereie ei bru som knyter dei to kommunane saman. Dei fleste drar til sentrum i Jørpeland i Strand for å handla. Mange frå Forsand jobbar der. Ein på mange måtar meir naturleg kommune å slå seg saman med. Ein mykje mindre kommune enn Sandnes, med sine 12.600 innbyggarar, men mykje større enn Forsand med sine 1200.

Men Løland syntest Sandnes freista meir.

Dette kom han til å angre på. Bittert.

Sandnes, Forsand og Strand

Lastebilsjåføren som fekk all makt – og mista den

I juni 2016 slapp lastebilsjåføren bomba. Han gjekk i mot Senterpartiet, som han var vald inn for, og sikra fleirtal for samanslåing med Sandnes i kommunestyret. Med ei stemmes overvekt. Så melde han seg ut av partiet.

Det blei betent.

Han hadde enda opp med all makt. Den ferske politikaren. Og nå var han heilt uavhengig og stod eigentleg fritt til å stemma korleis han ville i alle saker.

Men så kom det nye opplysingar.

Det store tunnelprosjektet Ryfast kunne gå på ein økonomisk smell som kunne føra til at Fylkeskommunen og dei store kommunane plutseleg sat igjen med eit garantiansvar på fleire milliardar. Ei rekning på fleire milliardar freista ikkje Løland.

Og heller ikkje dei nye planane for ferja.

Eller tunnelen han ville ha, som framleis var langt nede på lista. I tillegg tilrådde Fylkesmannen samanslåing med Strand.

For innbyggarane nord i Forsand vart ikkje i tvil. Dei ville til naboen i nord.

No tok Løland eit nytt vanskeleg val. Han la prestisjen til side og snudde.

No ville han heller til Strand. Og med det vart det fleirtal for Strand i kommunestyret. Tidlegare hadde det vore 9-8 i favør Sandnes på grunn av Løland. No var det 9-8 i favør Strand. På grunn av Løland.

Og ennå var det nokre dagar igjen før Stortinget skulle vedta samanslåinga med Sandnes.

Kommunestyret vart kalla inn til eit ekstraordinært møte.

Det var åtte kommunestyremedlemmar som bad om eit slikt møte fordi dei meinte alt som hadde skjedd i forkant var grunn til å vurdera samanslåingspartnar på nytt.

Og dei visste no at det no var eit fleirtal for Strand.

I møtte skulle dei diskutera kommunereforma. Men litt etter at møtet vart sett forstod fleire og fleire av Strand-tilhengarane at dei ikkje hadde skjønt teikninga.

Dei trudde dei skulle få stemma over kva for ein kommune Forsand skulle slå seg samen med på nytt.

Men det stod ingen plass i innkallinga til møtet at dei skulle få det. Det stod berre at det vart innkalla til eit ekstraordinært kommunestyremøte i samband med kommunereforma.

Skulle dei få stemma på nytt, så måtte saka førast opp på sakskartet. Og då vart kravet to tredelar av stemmene i kommunestyret. Ikkje berre eit fleirtal. Og dermed vart Løland si stemme verdilaus.

Strand-tilhengarane meinte dei var blitt lurt.

I ettertid vil dette møtet berre bli kjent som «det som skjedde sjette i sjette.». 6. juni 2017.

Då Løland og åtte andre politikarar rekte handa i vêret for ingenting. For sjølv om dei var ni, så var dei andre åtte. Nok til å hindre ei ny avstemming. 9 av 17 er ikkje eit to tredels fleirtal.

Saka vart kalla for «sirkus». Ei «skam». Den dagen demokratiet svikta i den store saka i den vesle bygda.

Det blei kjefta. Det blei vifta med dirrande peikefingrar. Det blei smelt i dører. Det blei banna.

Og to dagar seinare vedtok Stortinget samanslåing med Sandnes. Sjølv om Fylkesmannen seinare har kome fram til at det ordføraren gjorde med møteinnkallinga var ulovleg.

Fylkesmannen meinte at det framgikk av møteinnkallinga at saka skulle behandlast. Då skulle ikkje det vere naudsynt å føra ein avstemming opp på sakskartet.

Uansett.

Paul Løland hadde sett seg sjølv sjakkmatt. Trudde han. Og no kom konsekvensane for han personleg.

Paul Løland på veg til eitt av dei siste gruppemøta med Senterpartiet i Forsand

Paul Løland på veg til eitt av dei siste gruppemøta med Senterpartiet i Forsand

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Over 450 som Paul Løland

Men før vi går vidare med historia om Paul Løland, så tar vi eit lite skritt tilbake. Før vi fortel kvifor det enda som det gjorde for han.

Det er over 10.000 folkevalde i store og små kommunar i Noreg. Det viser ei kartlegging NRK har gjort. Og før første gong har det blitt kartlagt kor mange Paul Lølandar det finst i landet.

For han er ikkje den einaste som har hoppa av partiet sitt i inneverande valperiode. Sida 2015 har 455 andre gjort det same i Noreg. Det utgjer 4,3 % av kommunepolitikarane i Noreg.

Nokon skiftar parti. Nokon blir såkalla uavhengige. Vi kallar dei alle berre for avhopparar.

Og grunnane for at folk hopper av, er fleire. Det kan vere lokale saker som plasseringa av ein skule, eller store nasjonale saker som då KrF gjekk inn i den borgarlege regjeringa.

Og så kan det vera personlege grunnar.

Det blei det i historia om Paul Løland.

«Skittent spel»

– Vinglete? Altså dersom folk meiner eg er vinglete fordi eg står opp for kva eg trur er best for Forsand, så er eg kanskje vinglete då.

Han skifta standpunkt. Først ville han til Sandnes. Så til Strand. Han kom til å skifta meining om fleire ting.

Paul Løland kikkar ut av bilvindauget mens vi køyrer gjennom bygda. For han har blitt kalla verre ting enn vinglete.

Det verste var då ein personleg samtale mellom han og nære vener og politiske kollegaer blei lekt til Sandnesposten. Då kjende han at det blei for mykje. I bygda følte han at dei andre såg annleis på han. Han lukka seg inne.

– Eg fekk sosial angst på ein måte. Eg ville ikkje gå til butikken ein gong. For eg visste ikkje kva andre tykte om meg. Det blei veldig tøft. Det kom også til uttrykk i sosiale medium. Eg var med på det, og skal ta min del av kritikken for det blei eit ufint klima. Men det blei tøft.

For han var ikkje ein erfaren politikar. Den stormen han stod i, var han ikkje vand med. Plutseleg var han ikkje seg sjølv lenger. Han slutta nesten å treffa vener eller bevega seg utandørs. Han lukka seg også for dei næraste. Til og med i familien hadde han heftige diskusjonar om vala han tok.

Men då blei ein mann ekstra viktig.

Vi køyrer inn på gardsplassen i Byrkjeland, cirka ti minuttar utanfor Forsand sentrum. Det norske flagget vaier framleis etter 17. mai. Majestetiske fjell på begge sider. Stilla blir berre forstyrra av sauebjøller. Det er nesten for nasjonalromantisk.

– Hei.

– Hei.

En kort helsing mellom far og son. Paul Løland bøyer seg ned og klappar hunden Laika. Årstein Løland og kona sit på terrassen og nyt det fine mai-vêret.

– Han snakka ikkje mykje om korleis han hadde det personleg. Men eg merka han var stressa.

Årstein Løland setter seg bak i stolen.

– Det var spesielt før sjette i sjette. Då eg fekk alle dei trugslane, seier Paul Løland til faren.

– Ja, det hugsar eg.

– Trugslar?

Det er vi som spør.

– Ja, det var fleire politikarar som ringde meg dagen før og sa at «i morgon skal du takast» eller «i morgon skal du grillast». Det var skittent spel.

– Tykkjer du også det, far Løland?

– Ja, det er ikkje bra når det blir slik.

– Har du måtte forsvara Paul overfor andre i bygda?

– Nei, eg har faktisk ikkje måtta det. Dei har klart å skilje sak og person.

Men Årstein Løland fortel at det vart vanskeleg for han også å sjå sonen stå i stormen. Han seier det utan brest i stemma. . Men han ser forbi oss når han fortel. Som om det er noko han ser på i naturen, langt borte. Det blir stille ei stund.

– Men han har aldri vore redd, han Paul. Og eg sa berre til han at han måtte stå for det han trur på.

– Er du stolt av han?

– Eg veit ikkje om eg har sagt det direkte til han, men det er klart eg er det. Veldig stolt.

– Det er hyggeleg å høyra, seier Paul Løland frå hagesofaen. Årstein Løland gjev han eit kort nikk.

– Kva tykkjer du om at Paul ikkje vil vera politikar lenger?

– Det tykkjer eg er heilt fint. Han startar eit nytt liv no.

Paul og Årstein Løland utanfor barndomsheimen til Paul

Paul og Årstein Løland utanfor barndomsheimen til Paul.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Dei siste møta

– Ja. Eg er her no. Kan du opna?

Paul Løland held telefonen i den eine handa og iPaden i den andre. Vi har flytta oss frå han som er både far og rådgjevar til kommunehuset i Forsand.

Løland ventar på at nokon skal opne døra. Han er litt forseinka til gruppemøtet.

Forsand kommune

Kommunehuset i Forsand.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Tore Hans Mikkelson opnar opp.

Paul Løland gjekk ikkje berre tilbake på valet sitt om å slå Forsand saman med Sandnes. Han gjekk også tilbake på valet om å forlata Senterpartiet. Det vart ikkje det same å vere aleine, og no var han jo ikkje ueinig med fleirtalet i gruppa heller.

– Korleis var det for dykk å få han tilbake?

– Det var veldig fint. Då han gjekk tilbake på valet av kommune, var han veldig ønskja tilbake.

– Men no ser det ut som det blir Sandnes trass alt. Klandrar du Paul Løland sidan dette blei avgjort med ein stemmes overvekt?

– Nei eg gjer ikkje det. Han har prøvd alt han kan for å endra det.

Men det er ikkje alle som tenkar det same. Ein lokalpolitikar på veg inn til kommunehuset spør NRK kvifor vi er der.

– For å lage ein sak om Paul Løland.

Ho snøftar litt og himlar litt med auga.

– Lykke til, seier ho og går vidare.

No er både Mikkelson og Løland på veg ut av politikken.

For Løland blei den politiske draumen annleis han hadde sett for seg. Han begynte som ein ivrig nybegynnar som fekk ta del i dei viktige avgjerdene. Faktisk blei han hovudpersonen i det største dramaet kommunen har opplevd.

I alle fall før det famøse møtet som blir kalla «sjette i sjette». Dramaet har halde fram etter dette.

Plutseleg bestemte kommunaldepartementet seg for å justera grensene. Preikestolen hamna i Strand likevel. Etter dette har ikkje Sandnes vore fullt så ivrige på å få Forsand. Ei folkerøysting viste at flertallet av innbyggjarane i Forsand ville til Strand.

Før alt dramaet, viste ei folkehøyring at det var eit knapt fleirtal for Sandnes.

Men Lølands val i 2016 blei avgjerande. Sjølv om han etter eige syn prøvde å snu og rette opp feilen han meinte han hadde gjort.

Men det har ikkje hatt noko betydning. Det blir Sandnes. Det har Stortinget bestemt.

Det har vore ein storm. Og Løland stod i midten. No har han tre kommunestyremøte igjen før han er ferdig.

For Løland erkjenner at det som skjedde i det politiske livet tok over alt. Forsand er ein liten plass. Motstandarane budde ikkje langt unna. Dei handla på same butikken. Hadde ungar på dei same skulane. Forsand blei berre for lite til slutt.

Gruppemøte i Forsand Senterparti

Gruppemøte i Forsand Senterparti.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Ein i den grå massen

Paul Løland er altså ein av 10.000 folkevalde som sat i eit kommunestyre denne perioden. Det er lærarar. Postbod. Lastebilsjåførar.

Han er også ein del av statistikken over dei vi kallar for avhopparar. Dei som følgde sin eigen veg og ikkje den partiet ville legga for dei.

Men det kosta.

– Om eg vil anbefala nokon å bli politikar? Då skal dei i alle fall vita kva dei går til. Det er mykje eg angrar på, men ikkje at eg blei politikar. Eg har vakse som menneske.

Samtidig seier han at viss historia hans kan bidra til å redda ei stakkars sjel med store draumar ved å fortelja realitetane, så er det verdt det. Sjølv om han no rippar opp i ting han eigentleg vil fortrenga.

Mannen som avgjorde ein heil kommunens skjebne.

Og for han fekk det også personlege konsekvensar. No er han i ferd med å forlata heimbygda.

– Kjem du nokon gong til å flytta heim igjen?

– Ein skal aldri sei aldri, men eg kan ikkje sjå for meg det no.

Han står på ferja og ser utover Høgsfjorden. Sola er på veg ned.

Ferja som går over til Sandnes. Han har funne kjærleiken på ny i Stavanger. Og ny jobb. Nå køyrer han rundt og set opp gravsteinar. Politikken i storbyen skal han halda seg langt unna.

– No ønskjer eg berre å forsvinna i mengda. Bli ein del av den grå massen. Då får eg fred.

Avhopparen Paul Løland

Paul Løland gjekk inn i politikken med store draumar. Det blei ikkje slik han hadde forventa.

Foto: Mathias Oppedal / NRK