NRK Meny
Normal

Vil ikkje boikotta flyselskapet

Haugesund og Karmøy kommune vil ikkje gjera som Moss - å boikotta Ryanair. På Haugalandet uroar dei seg ikkje over korleis flyselskapet behandlar sine tilsette.

Ryanair åpner ny rute fra Torp.

Ryanair flyr fra Karmøy, Torp og Rygge i Norge. Fleire fagforbund kritiserar måten dei tilsette blir behandla på, og Moss kommune har forbod for dei tilsette å fly med selskapet.

Foto: Ryanair

Kjell Arvid Svendsen

Kjell Arvid Svendsen er ordførar i Karmøy kommune og meiner at det ikkje er grunnlag for å boikotta kommunetilsette å reisa med Ryanair.

Foto: Borgen, Ørn E. / SCANPIX

– Eg føresett at flyselskapet held seg innanfor heimlandet sine lovar og reglar, seier Karmøy-ordførar Kjell Arvid Svendsen.

Karmøy er ein av tre stader i Norge der det omstridde flysselskapet frå Irland flyr frå. Ordføraren legg til at Irland er eit demokrati og at lovane her må respekterast.

Under stor kritikk

I Moss derimot har kommunens ordføraren, Paul-Erik Krogsvold, vald å nekta dei kommunalt tilsette å fly med selskapet i tenestereiser. Dette med heimel i kommunens eige etiske regelverk.

Grunnen til dette er ei meining om at Ryanair ikkje behandlar sine tilsette godt nok. Sjefen for flyselskapet Michael O'Leary er kjend for si kritiske haldning til at arbeidarar organiserar seg.

Dette har ført til at kritikken av flysselskapet har hagla . Det har mellom anna vore ein internasjonal kampanje gjennomført av det internasjonale transportarbeidarforbundet om å boikotta selskapet.

Belgium Ryanair

Sjefen for flyselskapet Ryanair, Michael O'Leary, er kjend for si kritiske haldning til at arbeidarar organiserar seg.

Foto: Thierry Charlier / Ap

Vil ikkje ha boikott

– Me ser og høyrer at det er ulike syn på korleis Ryanair er mot sine tilsette, men ut frå det som har kome fram vil me ikkje gå til ein boikott av flyselskapet, seier ordførar i Karmøy, Kjell Arvid Svendsen.

Han meiner at ein må kunna stola på at selskapet driv lovleg i forhold til irsk lov.

I Moss har heller ikkje forbodet berre blitt godt motteke. Til Moss Avis uttalte gruppeleiaren til Høgre i kommunen, Tage Pettersen at han tvilar på at ordføraren kan nekta desse reisene ut frå det etiske regelverket.

Bør ein kommune boikotta eit flysselskap? Sei meininga di!