Hopp til innhold

Heidningar vart filmsuksess i bedehusa

Å gå på kino var så syndig at då dei skulle visa misjonsfilm på bedehus i Ryfylke, så annonserte dei med levande lysbilde. No er det laga film om misjonsfilmen sin gullalder.

Tirsdag er det premiere på filmen "Film fra Hedningeland".
Det er en dokumentar om misjonsfilmene som ble vist på bedehus i Norge på 50- og 60-talet. 
For mange var det første møte med både film og andre kulturer.

SJÅ REPORTASJEN: Bli med ned i arkiva til Misjonshøgskulen i Stavanger, og inn i klypperommet til filmskapar Hallgeir Skretting.

Gustav Steensland i Misjonsarkivet

FILMRULLAR OPP OG I MENTE: Gustav Steensland står mellom alle dei gamle misjonsfilmane i arkivet til Misjonshøgskulen i Stavanger.

Foto: Eirik Gjesdal / NRK

Nede i kjellaren på Misjonshøgskulen i Stavanger ligg meter på meter med norsk misjonshistorie. Ein av filmane handlar om gjetarguten Koto på Madagaskar.

«Endelig kommer misjonæren. Han skynder seg opp til landsbyen. God dag, Koto. Jeg er lei for at din far er død, men dersom du vil, kan du få bli med meg hjem til misjonsstasjonen».

Misjonsfilm frå Det norske misjonsselskap

KOTO OG MISJONÆREN: «God dag, Koto. Jeg er lei for at din far er død..»

Foto: Det norske misjonsselskap

Med ei forteljarstemme slik alle forteljarstemmer høyrdest ut på 50-talet, fekk nordmenn eit innblikk i livet på Madagaskar. Gjetarguten Koto vil gå på skule, men kan ikkje fordi han må passa på husdyra. Så kjem misjonæren og «reddar» han.

Annonsert som «levande lysbilde»

Dette er grunnlaget for filmen "Film fra Hedningeland", som hadde premiere i Stavangertysdag. Det er ein dokumentar om misjonsfilmane som vart vist på bedehus i Noreg på 50- og 60-talet, som for mange var det det første møtet med både film og andre kulturar. Bak filmen står regissør Hallgeir Skretting.

– Det er paradoksalt at dei byrja å laga misjonsfilm, for film var jo syndig. Det var så syndig at då dei skulle visa misjonsfilm på bedehus i Ryfylke, så annonserte dei med at det var «levande lysbilde frå misjonsmarka», seier Skretting.

Hallgeir Skretting

REGISSØR: Hallgeir Skretting har heldt til mange timar i redigeringsrommet for å ferdigstilla filmen.

Foto: Eirik Gjesdal / NRK

Sjåarsuksess

Då misjonsfilmane skulle visast på bedehuset i bygda, var det den store hendinga, eller «happeningen» om du vil. På 50- og 60-talet hadde misjonsfilmane over 100.000 sjåarar årleg, toppåret var i 1957. Då såg over 150.000 misjonsfilmane rundt om kring på bedehusa i landet.

– Suksessen heng nok saman med at det var første gong folk fekk sjå noko så eksotisk. Det var første gong dei såg levande menneske som såg heilt annleis ut enn seg sjølve, seier Skretting.

– Dette har vore ein kjempeviktig del av vår lokale kulturhistorie. I 1962 hadde Misjonstidende, som kom ut ein gong i veka, større opplag enn Stavanger Aftenblad. Det var her folk fekk informasjon om misjonsverksemd. Folk hadde til og med eigne kart over Madagaskar, held han fram.

Gamal misjonsfilm
Foto: Det norske misjonsselskap

Leita etter Koto

«Film fra Hedningeland» handlar om to øyer. Madagaskar, som er verdas fjerde største øy, og Bjergøy, ei bitte lita øy i Ryfylke. Linken mellom dei øyene er misjon.

Målet med filmen var å finna Koto og landsbyen hans.

– Då ville han i så fall vore 80 år. Me visste det var på austsida av øya, men det finst ikkje skriftleg materiale, så det var utfordringa vår, seier Skretting.

Filmen hadde premiere i Stavanger tysdag, og skal visast på NRK seinare i år. Ein liten spoiler-alert: Dei fann verken Koto eller landsbyen.