Hopp til innhold

Mange bruker feil lys på bilen

Avanserte bilar og høge verkstadprisar gjer at fleire ikkje byter lys på bilen i haustmørket, ifølgje Statens vegvesen.

Mange feil på billys

Cato Roland i Statens vegvesen viser fram ein bil der lysa er i god stand.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Cato Roland

Cato Roland Vegvesenet seier at det er slutt på den tida då kven som helst kunne skifta lys på den nye bilen sin med hjelp av eit vanleg skrujern.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

I ein storkontroll Statens vegvesen hadde i Sandnes rett før helga hadde alle dei 116 stoppa bilane feil med lysa. Nesten halvparten fekk bøter medan resten slapp unna med munnleg pålegg.

Slurv med lysa kan føra til farlege situasjonar i trafikken, men det finst grunnar til at folk slurvar ifølgje Cato Roland i Vegvesenet:

Dyrt og komplisert

– Det har blitt så komplisert å skifta lys på nyare bilar at dei fleste må levera bilen inn på verkstad for å få det gjort, seier Roland.

Han seier at kompliserte patenter ofte gjer at folk øydelegg meir enn dei klarar å fiksa når dei skal koma til lyspærene. Og om bilen må på verkstad må folk grava djupt i lommeboka for eit enkelt lyspæreskift:

– Det blir fort dyrt å skifta ei pære på verkstad når timeprisane ofte ligg på 13 til 14 hundre kroner pluss moms. Tidlegare kunne du få gjort dette på ein bensinstasjon for ein billeg penge, seier han.

Feil bruk av tåkelys

Likevel finst det ingen unnskyldning for å slurva med lyset seier han. Folk som ikkje klarar å skifta pære på bilen sjølv, må levera den inn på verkstad.

I kontrollen var det også mange som ikkje kunne bruka lysa riktig:

– Det er spesielt store problem knytt til bruk av såkalla tåkelys. Folk køyrer med desse lysa etter det har blitt mørkt, noko som gjer at ein mister sikt, seier Roland.

Kurvelysa skal berre brukast i kombinasjon med parkeringslys på dagtid og i ekstreme forhold med tett skodde.

Dette er riktig lysbruk: