NRK Meny
Normal

Magne Misje er død

Mangeårig NRK-medarbeidar Magne Misje er død, 82 år gamal.

Magne Misje

Magne Misje jobba i NRK i ei årrekke. Han fekk mellom anna Kongens fortjenstmedalje i gull.

Foto: Alfred Aase / Haugesunds Avis

Magne Misje blei fødd i Øygarden i Hordaland 15. mai 1933. Han var utdanna lærar og jobba mellom anna i fleire år ved Skudenes ungdomsskule.

I 1972 byrja Misje som såkalla kontaktmedarbeidar for NRK Rogaland på Karmøy ved sida av skulejobben.

Etter kvart stod han i spissen for opprettinga av NRK Rogaland sitt lokalkontor i Haugesund i 1977. Fram til 1993 var Misje den einaste medarbeidaren ved kontoret, og han arbeidde der fram til han blei pensjonist i 1998.

Misje laga óg fleire program for NRK nasjonalt, og han er særleg kjend for TV-serien Evig heder, som han laga saman med Dag Indrebø i 1994. Den handla om krigsseglarar, og serien fekk SKUP-diplom i 1995.

Serien førte óg til at han seinare gav ut bok om krigsseglarane.

Misje blei også kjend for mange radioprogram, og han var særleg opptatt av kystkulturen. Mellom anna fekk han NRK-stipend, som han brukte på å gjera seg kjend med norsk skipsfart. Då var han mellom anna om bord på skip i utanriksfart.

Lokalt avvikla han mange sendingar i NRK Rogaland, særleg Formiddagslokalen som gjekk mellom 11 og 12.30.

I 1999 fekk Misje Kongens fortjenstmedalje i gull for sin innsats i NRK.