Hopp til innhold

Lite som minner om krise her

Julehandelen går som det suser. Også i Stavanger.

Trass nedgangstider i olja går julehandelen som det susar.

VIDEO: Pensjonistparet Kristin og Egil Edvardsen bruker like mykje på julegåver som dei alltid har gjort. Det ser det ut som dei fleste andre i Stavanger-regionen også gjer.

Ann Elin Marthinussen

Ann Elin Marthinussen er senterleiar ved Arkaden Torgterrasen i Stavanger. Ho er godt nøgd med julehandelen så langt.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

– For vår del var julehandelen god i fjor, og det blir den i år også. Me er godt nøgde både med besøket og handelen, seier senterleiar Ann Elin Marthinussen ved Arkaden Torgterrassen i Stavanger.

Både her og i Sandnes og i Haugesund ser det ut som om den private julehandelen på kjøpesentera skal enda opp omtrent likt som i fjor.

Dette trass i at talet på arbeidsledige i Rogaland har stige med 82 prosent samanlikna med desember i fjor. Med 10.955 personar utan jobb har Rogaland nå den høgaste arbeidsløysa i landet.

Noko som har kome som følgje av nedgangstider i oljebransjen.

Jenter på shopping

Vilde Lerang Kjær, Sara Svabø, Jena Jørmeland Østerhus og Camilla Melberg storkosar seg på julehandel.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

– Far betaler

Fleire bedrifter har teke konsekvensen av dårlege tider og kutter både i julebord og julegåver. Men på kjøpesenteret i Stavanger i dag var det vanskeleg å finna folk som hadde teke dei vanskelege tidene innover seg.

Aksel Røed

Aksel Røed har brukt mykje pengar på gåve til kjærasten.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK
Kristine Galta Bekkevold

Kristine Galta Bekkevold har planar om å bruka mindre, men trur sjølv at dei kjem til å sprekka.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

– Eg bruker ganske mykje meir pengar på julegåver i år enn eg har gjort tidlegare. Eg har nemleg fått meg ny dame, og det er dyrt, seier Aksel Røed og ler.

Sara Svabø og veninnene lar seg heller ikkje stoppa av dårlege tider.

– Eg føler at eg har brukt mykje pengar, men det er far som betaler, seier Svabø til NRK.no.

71 mill. i omsetnad

Ei som har tenkt å bruka mindre pengar er Kristine Galta Bekkevold. Men det er ein plan som ser ut til å gå i vasken.

– Når jula nærmar seg kjem ein alltid på at ein skulle hatt litt til, så det blir alltid for mykje, seier ho.

Dermed ligg alt til rette for at Arkaden også i år ender opp på ei desember-omsetjing på 71 millionar kroner.