Statsadvokaten har i dag gitt lensmannen bot fordi han ikkje sette i gong etterforsking då han fekk tips om at ein familiefar hadde forgripe seg seksuelt mot to døtre og to stedøtre.
Saka vart først etterforska då ein annan ved lensmannskontoret fekk nye tips.
Familiefaren vart i juli i år dømd til sju års forvaring for overgrepa.
- Når lensmannen ikkje godtar bota, vert det rettssak, seier statsadvokat Tor Christian Carlsen.
Ikkje suspendert
Politimester Olav Sønderland i Rogaland politidistrikt ser ingen grunn til å suspendere lensmann Reidar Idsø.
Lensmannen har tidlegare bede om andre arbeidsoppgåver og fungere for tida ikkje som lensmann. Verken lensmannen eller politimesteren vil kommentere saka meir.