Denne type hjullås var det som blei broten opp i natt.
Foto: Vegvesenet– Dette er ei veldig alvorleg sak, seier operasjonsleiar i Sør-Vest politidistrikt, Charles Bøgild.
Dei har varsla politiet også i nabodistrikta om det rumenske vogntoget, som truleg er på veg ut av landet. Traileren har mange alvorlege feil.
Varsellampene lyste
– Den har dårlege bremser, den har ikkje ABS på tilhengaren, EBS-systemet fungerte ikkje, lasta var dårleg sikra og sjåføren hadde ikkje førerett på denne type køyretøy, seier kontrolleiar i Vegvesenet Kenneth Holm Vestby.
Det var i går kveld at dei hadde kontroll på Krossmoen. Vegvesenet måtte køyra etter då sjåføren ikkje stoppa, og fekk først stoppa den ved Shell-stasjonen på Helleland.
Nesten alle varsellampene i dashbordet lyste på traileren som var på veg til Bulgaria, og det blei fort klart at bilen måtte ha køyreforbod.
– Me låste av køyretøyet med hjullås, som ikkje skulle av før feila var fiksa, seier Vestby.
VIL HA TIPS: Politiet vil ha tips dersom nokon har sett denne ein Man-traileren. På bilete til høgre kan ein sjå alle varselslampene som lyste då den blei stoppa.
Foto: VegvesenetBilen var vekke
Då dei kom på jobb i dag klokka åtte blei dei overraska over at bilen var vekke.
– Nokon har bryte opp hjullåsen og stukke av med lastebilen, fortel Vestby.
Politiet reknar med at det er føraren som har gjort det, og seier at det ikkje er bra at dette køyretøyet nå truleg er ute på vegen, på veg ut av landet.
– Me vil gjerne ha tips om lastebilen. Det er ein kvit Man-lastebil med registreringsnummer BV01VNS, seier Bøgild.