Hopp til innhold

Vil ha eit regelverk for tampongar

Dei fleste tampongar inneheld plast, ikkje bomull. Produsentane treng ikkje skriva på emballasjen kva tampongane er laga av, eller informera kva kjemikaliar dei er laga med.

Fra venstre: Kaja Eide Bakke, Nora Waage, Lena Olsen Egeland, Ingrid Sigurdsen, Thea Dragsund.

Desse jentene vil at det skal koma eit regelverk for tampongar. Frå venstre: Kaja Eide Bakke, Nora Waage, Lena Olsen Egeland, Ingrid Sigurdsen og Thea Dragsund.

Foto: Tone Ollestad

Trudde du at tampongar var laga av bomull?

Du er ikkje åleine.

Tenåringsjentene Kaja Eide Bakke, Nora Waage, Lena Olsen Egeland, Ingrid Sigurdsen og Thea Dragsund frå Stavanger trudde òg det fram til nyleg.

– Den eine gongen me var på butikken, såg me ein tampongpakke det stod «plastic free» på, seier Ingrid Sigurdsen.

– Det syntest me var rart. Me visste ikkje det var noko plast i dei, fortset Nora Waage.

Bilde av ikonet "plastic in product" på en tampongpakning.

Denne logoen finst på emballasjen til eingongsprodukt som inneheld plast.

Foto: Tone Ollestad

Treng ikkje å informera

Ikkje alle tampongpakningar har ei innhaldsliste. Men dei informerer om det er plast i produktet.

– Eg har aldri sett ei ingredienslista, seier Kaja Eide Bakke.

– Har ikkje kome på at det er ein lur ting å sjekka, seier Waage.

Produsentane er nemleg ikkje juridisk pliktig til å skriva ingrediensane på emballasjen.

I tillegg er det ingen regelverk for kjemikaliar i tampongar.

NRK skreiv allereie om dette i 2020. Regelverket har ikkje blitt endra sidan.

– Det var eit sjokk for meg at ingen regulerer kva me tar opp i underlivet vårt, seier Siri Rafos Baustad.

Jordmor Siri Rafos Baustad.

Jordmor Siri Rafos Baustad seier at huda i skjeden tek opp veldig via blodet.

Foto: Tone Ollestad

Ho er jordmor og trudde òg fram til nyleg at tampongar var laga av bomull.

– Eg var ikkje klar over at det var plast i. Eg er ganske sjokka, seier ho.

Skjeden kan absorbera mykje

Martin Wagner forskar på nano- og mikroplast og hormonhermarar ved NTNU i Trondheim.

– Eg jobbar med plastforurensing, og det hadde aldri falt meg inn at det var plast i menstruasjonsprodukt, seier han.

Martin Wanger, førsteamanuensis på NTNU.

Martin Wagner hjå NTNU forskar på nano- og mikroplast, hormonhermarar og toksikologi.

Foto: Thor Nielsen / NTNU

Det overraskar han at det ikkje er nokon spesifikke reguleringar for desse produkta i EU.

– Vulvaen og skjeden absorberer lettare kjemikaliar, samanlikna med kosmetikk me tar på huda, fortel han.

I Noreg og EU er det vanleg at mat og kosmetikk har ei tydeleg innhaldsliste. Dette er for at dei som har allergiar skal vite kva dei puttar i og på seg.

Men desse reglane gjeld ikkje for tampongar. Trass dei òg skal inn i kroppen.

En brun hånd holder en tampong foran en grågrønn vegg

Denne er ikkje nødvendigvis laga av bomull, som mange trur.

Foto: Karina Kaupang Jørgensen

Wagner fortel at plast i tampongar har blitt diskutert rundt lunsjbordet ved NTNU i sommar.

– Det er noko me kanskje må sjå meir på, seier han.

Har krav på informasjon

Statssekretær Sigrid Hagerup Melhuus (Ap) i Klima- og miljødepartementet seier at tampongar ikkje skal vera farlege.

– Eg veit ikkje kva tampongar er laga av, men dei skal følga reglane. Alle produkt som går til forbrukarar skal vera trygge etter lovverket som er, seier ho.

Sigrid Hagerup Melhuus, stortingsrepresentant for Ap i Klima- og miljødepartementet.

Sigrid Hagerup Melhuus (Ap) jobbar i Klima- og miljødepartementet.

Foto: CECILIE BERGAN STUEDAL / CECILIE BERGAN STUEDAL

Miljøinformasjonslova seier at forbrukarar skal ha moglegheit til å få informasjon om produkta dei kjøper.

– Du har rett på konkrete opplysingar om produktet. Dette kan du be om, seier Melhuus.

Dette betyr at du sjølv må kontakta enkelte tampongprodusentar for å få svar.

Jentene frå Stavanger synest ikkje dette er godt nok. Dei har ei klar meining om kva som bør skje.

– Det bør jo koma eit regelverk, seier Waage.

– Er de einige i det?

– Ja, roper alle jentene i kor.

Ingrid Sigurdsen og Thea Dragsund.

Thea Dragsund synest det er dårleg at ingen passar på kva kvinner puttar inn i kroppen sin.

Foto: Tone Ollestad