NRK Meny
Normal

Ei kvinne i byrjinga av 40-åra er sikta for knivdrapet i Haugesund

Det var 43 år gamle Gunnar Korneliussen som i dag tidleg blei drepen med kniv i ei leilegheit i Haugesund. Ei kvinne, som også er i 40-åra er sikta for drapet.

Det var 43 år gamle Gunnar Korneliussen som i dag tidleg blei drepen med kniv i ei leilegheit i Haugesund. Ei 43 år gamal kvinne er sikta for drapet.

Her i Torvastadgata blei Gunnar Korneliussen drepen i morgontimane fredag 24. mai.

Politiet gjekk i middagstider ut med namnet på mannen som blei drepen i Haugesund fredag morgon.

– Det var den 43 år gamle Gunnar Korneliussen som i morgontimane, blei knivdrepen i ei leilegheit i Torvastadgata i Haugesund, skriv dei i ei pressemelding.

Politiet fekk melding om knivstikkinga klokka 03.17, frå kvinna som bur i leilegheita. Ho fortalte at det var ho som hadde gjort ugjerninga.

– Væpna politi kom raskt til staden, og fekk kontroll på kvinna som nå er sikta i saka. Då ambulansen kom til staden klokka 03.25, blei mannen erklært død, opplyser etterforskingsleiar Torbjørn Nervik.

Den sikta kvinna skal ha hatt ein relasjon til den drepne, men politiet går førebels ikkje inn på kva slags relasjon det er snakk om.

Kvinna er i arresten nå, og på måndag blir ho framstilt for varetektsfengsling. Både kvinna og den drepne er kjenningar av politiet.

Etterforskinga av drapet er i full gang, og i føremiddag kom også to krimteknikarar frå Stavanger, for å hjelpa til. I tillegg vil sikta bli avhøyrt, og den døde vil bli obdusert.

Knivdrap i Haugesund

Krimteknikarar frå Stavanger har sett i gang med undersøkingar på åstaden.

Foto: Arne Gunnar Olsen / NRK