Hopp til innhold

Kolliderte med sjømerke

Føraren av fritidsbåten fekk skadar i kollisjonen og passasjeren blei kasta på sjøen i samanstøyten.

Innseglinga til Skudeneshavn

Båtføraren var på veg frå Bakerholmen og inn mot Steiningsholmen i innseglinga til Skudeneshavn, då uhellet skjedde

Foto: Kjell Nymark

Det var i totida, natt til søndag, at politiet fekk melding om at ein fritidsbåt av typen "Rib" hadde køyrt inn i eit sjømerke i innseglinga til Skudeneshavn.

– Føraren fekk skader i samanstøyten med styrekonsollen om bord i båten, opplyser vaktleiar Trond Friberg ved Haugaland og Sunnhordland politidistrikt.

Ambulanse kom til staden og føraren i 19–20 års alderen blei køyrt til legevakta for sjekk.

– Politiet fekk også mistanke om at føraren hadde for høg promille og det er tatt blodprøve i den samanhengen, opplyser Friberg.

Kasta på sjøen

Passasjeren, som også var i 20 års alderen blei kasta på sjøen i samanstøyten. Han blei plukka opp i ein båt etter kort tid. Han blei ikkje skada i særleg grad.

– Det var heldigvis andre båtar til stades i nærleiken, som fekk mannen om bord, seier Friberg.

På veg inn til Skudeneshavn

Føraren og passasjeren køyrde frå Bakerholmen og inn mot Steiningsholmen i innseglinga til Skudeneshavn då uhellet skjedde.

Begge dei to er heimehøyrande på sørsida av Boknafjorden.