Hopp til innhold

Klepp: Sikta mann avhøyrd i dag

Den sikta mannen i Klepp-saka blir tysdag avhøyrd på ny av politiet. Det opplyser lensmann i Klepp, Hans Kyllingstad.

 

 

– Me har snakka med han tidlegare i saka, men nå vil me ha eit nytt avhøyr etter fengslinga, seier lensmann Hans Kyllingstad.

Det er eit ektepar som er sikta for å ha køyrd på og drepe 12 år gamle Olav Hovda i Lalandsvegen i Klepp.

Lensmann Kyllingstad seier politiet òg kjem til å avhøyra fleire vitne i dag.