2014 vart det varmaste året i Noreg sidan målingane byrja, temperaturen låg 2,3 grader over normalen. Og Sola hadde den høgaste middeltemperaturen i heile landet, med over ti grader.
– LITT GAMBLING: Kåre Wiig seier det er litt gambling å planta kålen so tidleg.
Foto: Erik Waage / NRK– Det ser ut som at me har fått eit vêromslag, og at våren kjem tidlegare og tidlegare. Då er me som bønder villige til å gambla litt med å så tidleg, seier Kåre Wiig i Miljøgartneriet.
Det er grønt gras på jorda på Jæren, og om nokre få veker skal sommarkålen i jorda. Inntil då held dei hus inne i drivhuset.
– Dei er under tak, og me må nok venta ein fem-seks veker før me set dei ut. Me håpar på at våren skal koma, og at me ikkje får tilbakeslag.
METEOROLOG: Stein Kristiansen ved Meteorologisk institutt.
Foto: Bård GudimWiig kan nesten garantera at årets første sommarkål frå Jæren er i butikkane den 10. mai.
– Det er naturleg at kystområda får dei høgste temperaturane, fordi dei får generelt milde vintrar. Når dei i tillegg får veldig varme somrar, då blir det veldig høge temperaturar, seier Stein Kristiansen ved Meteorologisk institutt.
GRØNT GRAS: Om fem-seks veker skal sommarkålen plantast her.
Foto: Erik Waage / NRK