Hopp til innhold

Tromsø-målvakt til NRK-reporter etter tap: – Fuck off!

Her blir det filma når det kokar over for Tromsø-målvakt Benny Lekström, etter 5–1 tapet mot Sandnes Ulf i kveld.

Meiner Sandnes juksa seg til sigerHer seier Tromsø-målvakt Benny Lekström fuck off til NRK sin reporter Johan Mihle Laugaland.

►SJÅ VIDEO: Tromsø meiner at Sandnes ikkje skulle hatt dei to straffesparka som gav dei 2–0 leiinga mot Tromsø. Når NRK sin reporter stiller seg spørjande til dette får han høyra det. (Foto: Kirsti Wilhelmsen)

Tromsø gjekk på ein solid smell på bortebane mot Sandnes Ulf i kveld. Laget som låg under nedrykksstreken knuste topplaget frå nord 5–1.

Dei to første måla kom på straffespark for dei lyseblå. Straffespark som den svenske Tromsø-målvakta Benny Lekström har gjort det heilt klart at han meiner var feil.

– Eg går ikkje på han

Tydeleg sint etter kampen prøver han å forklara journalistane kva som skjedde då Tommy Høiland falt i 16-meteren.

– Eg går ikkje på han. Det er berre pinleg, det er han som søker meg, og den andre straffa er verre, seier Lekström.

– Dei juksar berre, om du slenger deg på alt er det jo klart at du får straffe til slutt.

Då NRK-reporter Johan Mihle Laugaland spør om dommaren kunne ha blåse noko anna enn straffespark, kokar det over for den pressa målvakta.

Det heile endar med at han går frå intervjuet etter ein kort og grei beskjed til reporteren.

– Fuck off! seier han.

Ber ikkje nag

Laugaland har forståing for at temperaturen blir litt høg etter ein slik kamp.

– Dei heldt på å gå på sitt største tap nokon sinne i eliteserien, og etter ein har stått i mål under ein slik kamp kan eg forstå det kan vera litt irriterande å snakka med journalistar.

Han legg til at han ikkje forventar ei unnskyldning frå målvakta etter utblåsinga.