Hopp til innhold

Har mistenkte etter Sauda-hærverk

Politiet i Sauda kallar nå inn til bekymringssamtalar med personar dei trur kan stå bak hærverket på Sauda ungdomsskule. Skulen fekk vasskadar for millionar etter nokon la papir i vaskane i klasseromma, og lot vatnet renna heile natta.

Allmøte Sauda

NAMN PÅ BLOKKA: Politiet i Sauda bedde om hjelp frå elevane på ungdomsskulen, etter det blei gjort skadar for millionar på skulen. Etterforskinga har ført til at dei nå har konkrete namn på blokka.

Foto: Arne Gunnar Olsen / NRK

Politiet har nå konkrete namn på blokka, som dei mistenker for å stå bak hærverket på Sauda ungdomsskule førre veke.

– Etter møte med elevane førre veke, har me fått inn veldig aktuelle tips, seier politioverbetjent i Sauda, Thomas Breivik.

Trur saka blir oppklart

Det var på tysdag i førre veke nokon påførte skulebygget skadar i millionklassen ved å leggja papir i vaskane, og lot vatnet renna heile natta.

På fredag hadde politiet møte med elevane på skulen og bedde om hjelp for å få saka oppklara.

Nå har politiet kalla inn til såkalla bekymringsmøte. Dette er vanleg når det er personar under den kriminelle lågalderen som er mistenkte. Barnevernet blir også kopla inn.

Breivik har nå tru på at saka skal bli oppklart.

– Me er i gang med vitneavhøyr, og jobbar vidare med tipsa me har fått, seier han.