Hopp til innhold

Store vasskadar etter hærverk

Sauda ungdomsskule har fått store vasskadar og 207 elevar har blitt sendt heim etter hærverk. Åtte vaskar blei tetta inne på skulen, og har stått på i heile natt. – Heilt meiningslaust, seier rektor ved skulen Lars Terje Sandvik.

Framleis vatn på veggen

Rektor Lars Terje Sandvik viser fram vasskadane i veggen.

Foto: Jonas Rød

Vasslekkasje Sauda ungdomsskule

Rektor seier at hendinga er trist. - Alle dei tilsette var i sving då eg kom til staden, seier han.

Foto: Jonas Rød

Litt før klokka seks i dag tidleg oppdaga vaskarane at alt ikkje var som det skulle vera på Sauda ungdomsskule.

På golvet i heile skulebygget var det om lag ein centimeter med vatn.

– Eg fekk ein telefon ein god time før eg skulle på jobb. Beskjeden var at det hadde kome store vasskadar på skulen. Dette er heilt meiningslaust, fortel ein fortvila rektor ved skulen, Lars Terje Sandvik.

Han seier at åtte vaskar er tetta med papir og har runne for fulle kranar i heile natt. Brannvesenet og teknisk

– Me har fått tørka opp det meste av vatn, men me har fått vasskadar i både veggar og tak, seier han.

Politiet på plass utanfor Sauda ungdomsskule

Politiet er på plass utanfor Sauda ungdomsskule, og etterforskar saka.

Foto: Jonas Rød

Derfor har 207 elevar ved skulen i dag blitt heimsende. I morgon vil skulen vera opnen igjen.

Det er framleis uvisst kor store verdiar det har blitt øydelagt for etter nattas hærverk.

– Truleg har nokon tatt seg inn i bygget i løpet av ettermiddagen eller kvelden i går, opplyser operasjonsleiar i Haugaland og Sunnhordland politidistrikt Svein Sørensen.

Saka blir nå etterforska ved Sauda lensmannskontor, som ønskjer seg tips frå publikum.

– Hærverket har resultert i flaum frå vaskane og utover golvet på toalettet, vidare ut på gangen og nedover trappene, seier Sørensen.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Flere nyheter fra Rogaland