Hopp til innhold

Gir seg som leiar i KrFU

Hadle Rasmus Bjuland (24) har vore leiar for KrFU i fire år, men no gir han seg.

– Det er vemodig, det har forma meg mykje som person, men eg sit igjen med stor takksemd, seier Bjuland til NRK, som har vore i organisasjonen sidan han var 13 år.

– Kvifor gir du deg no?

– Det er ikkje meir dramatisk enn at det er naturleg å gje meg etter valet til hausten og at det då kjem inn nokon nye, seier Bjuland.

Han står på lista som Rogalands andrekandidat til valet. Men slik det er ut no ligg førstekandidat Jonas Andersen Sayed godt an til å erstatte eks-partileiar Olaug Bollestad frå Gjesdal på Stortinget.

Sidan KrF ligg langt unna med å få inn meir enn ein kandidat frå Rogaland, må truleg Bjuland sjå etter ny jobb.

DKRO
Foto: NRK

Flere nyheter fra Rogaland

Erlend, Henrik og Lars gambler på nett

– Unge spiller mer kasinospill enn noen gang