Hopp til innhold

Fleire utleigeobjekt på Airbnb enn hotellrom: – Teke heilt av dei siste åra

Hotellbransjen har dei siste åra fått stor konkurranse frå den populære utleigesida Airbnb.

Ina Shelby Airbnb egersund

Ina Shelby leiger ut eit hus på garden sin på Airbnb. Ho får besøkjande frå heile verda som nyttar seg av utleigedelen hennar.

Foto: Hanne Christin Våge / NRK

– Nokon kom frå London på vesle julaftan. Og ein frå India lurte på om vi hadde bjørn og ulv i marka her, seier Ina Shelby.

På garden sin i Egersund i Rogaland leiger ho ut eit hus gjennom utleigetenesta Airbnb. Folk kjem frå land og strand for å bu på garden hennar.

Dei kjem for å oppleve naturen. Eg møter mange frå store byar i Europa som kjem for å finne fred og ro.

Shelby er langt frå den einaste som merkar at det er populært å leige ut på Airbnb.

Benedikte-huset på arkitekttegnede Svindland gård
Bjørn Hagen Aakre

Kjøkken

Benedikte-huset på arkitekttegnede Svindland gård.

Benedikte-huset på arkitekttegnede Svindland gård
Bjørn Hagen Aakre

Stue

Huset er populært og er som regel opptatt mange uker frem i tid.

Benedikte-huset på arkitekttegnede Svindland gård
Bjørn Hagen Aakre

Utsikt

Mange av gjestene kommer for å oppleve de naturskjønne omgivelsene rundt gården.

– Ei dobling og vel så det

Ifølgje Region Stavanger finst det rundt 2500 overnattingsstader på Airbnb i Stavanger-regionen.

Til samanlikning har same område 5000 hotellrom.

Per Morten Haarr

Per Morten Haarr som er reiselivsdirektør for Stavanger trur vi vil sjå ytterlegare vekst på Airbnb-utleige dei neste åra.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

Dersom me tek med i reknestykket at dei fleste Airbnb-einingane har fleire senger, meiner reiselivsdirektør Pål Morten Haarr at det er rundt like mange bumoglegheiter på utleigesida som det er på hotella.

– I det stille har dette vorte veldig stort. Det har rett og slett teke heilt av dei siste åra. Ei dobling og vel så det, seier han.

Ifølgje Haarr kjenner hotella på konkurransen frå Airbnb.

– Hotella vil vere opptekne av at dei må ha same rammevilkår. Hotell må levere på harde standardar knytt til rutinar, tryggleik og protokollar.

Det finst ikkje konkrete tal på kor mange hotellrom det er i heile Noreg, men ifølgje tal frå Statistisk sentralbyrå var det i desember i fjor 86.253 tilgjengelege rom.

Til samanlikning var det i 2022 omtrent 99.838 «utleigeobjekt», altså hus, leilegheiter eller hytter, på Airbnb, ifølge Skatteetaten.

Airbnb-utleigarar og andre hadde 8,6 milliardar kroner i utleigeinntekter. Det har auka frå 6,1 milliardar i 2021 og 5,3 milliardar i 2020.

I Stavanger-regionen er det samstundes 8 prosent færre hotellovernattingar så langt i år enn i same periode i 2019. Det er heile 25 prosent færre utanlandske hotellovernattingar.

I landet er ikkje talet på utanlandske overnattingar tilbake til nivået det var før koronapandemien.

Det som aukar, er utanlandske overnattingar ved campingplassar, hyttegrender og hytteformidlingstenester.

Adm. direktør NHO Reiseliv,
Kristin Krohn Devold

Kristin Krohn Devold.

Foto: Oda Hveem / NHO Reiseliv

NHO: Bør ha registreringsplikt

NHO Reiseliv meiner Airbnb og andre som driv med korttidsutleige av bustad bør få obligatorisk registreringsplikt.

– I EU vurderer ein å stille krav om registreringsplikt. Dette er allereie innført i Amsterdam, ein by som har hatt utfordringar med overturisme. Vi meiner det er naturleg at Noreg følgjer utviklinga i Europa, seier Kristin Krohn Devold, administrerande direktør.

NHO meiner kommunar treng ei slik oversikt når dei skal planlegge for mellom anna studentbustader, parkering og kollektivtransport.

– Blir det for få utleigeeiningar for innbyggjarane i kommunen, må ein ha eit større trykk på bustadbygging, seier ho.

Geir Sølve Hebnes Sleveland merkar at det har vorte fleire utleigeeiningar på marknaden. Han er hotelldirektør på Grand Hotell i Egersund.

Geir Sølve Hebnes Sleveland, Grand hotell Egersund

Geir Sølve Hebnes Sleveland meiner hotell tilbyr ein større pakke til gjestene enn Airbnb utleige gjer. Han er hotelldirektør ved Grand hotell i Egersund.

Foto: Hanne Christin Våge / NRK

Sjølv om det er ein kraftig vekst i besøkjande, gir ikkje det same utslaget på hotellet. Det handlar om at det er nesten 90 tilbydarar på Airbnb i Egersund. Vi må jobbe meir for gjestene.

Han er framleis positiv til at Airbnb trekkjer fleire menneske til byen.

Det gir auka fokus på regionen. Vi er opptekne av kva vi byr på av totalpakken som gjerne ikkje Airbnb kan by på.