Hopp til innhold

Fleire nordmenn blir sjuke på ferie

Ferie betyr sjukdom for mange nordmenn. Forsikringsutbetalingane som følgje av sjukdom på ferie har auka med 41 prosent på to år.

Pensjonister på Gran Canaria

Eldre reiser meir nå enn før, dette er ein av grunnane til at nordmenn på ferietur i utlandet oftare blir sjuke.

Foto: Kjell Herskedal / SCANPIX

Leif Osland, informasjonsdirektør FNH

Informasjonsdirektør i Finansnæringens fellesorganisasjon Leif Osland har sett ein kraftig auke i forsikringsutbetalingane for ferierande nordmenn dei siste åra.

Foto: pressefoto / FNO

Nordmenn reiser som aldri før, men eksotiske feriar i land langt borte har også ei bakside. Me blir meir og meir sjuke medan me ferierar.

Større risiko for eldre

– Frå 2005 til i fjor var det ei dobling i forsikringsutbetalingar til sjuke ferierande nordmenn, seier informasjonsdirektør i Finansnæringens fellesorganisasjon Leif Osland.

At stadig fleire reiser på ferie er berre ein av fleire årsaker meiner Osland:

– At særleg eldre nå reiser til meir eksotiske reisemål spelar ein viktig rolle for auken i utbetalingar.

Eldre har større risiko for å bli sjuke enn andre grupper, og dei nøyer seg ikkje lenger med å reisa på ferietur i Norge eller til Sverige.

Endra reisevanar

– Me ser ein særleg auke i utbetalingane til dei eldre. Thailand og USA er populære reisemål der sjukehusutgiftene er høge og det er lettare å bli sjuk av kosthald, bakteriar eller andre type ting, seier Osland.

Kosthald og behandling av mat er ein av dei vanlege grunnane til at me blir sjuke når me er ute å reiser.

Dette er allmennlege i Stavanger Ivar Hallvorsen opptatt av:

600 millionar kroner utbetalt

– Me blir truga av bakteriar som er meir resistente og meir kraftige nå. Det beste tiltaket er faktisk ikkje antibiotika, men å halda hygienenivået bra. På den måten kan me unngå matborne infeksjonar som er ein stor ting om sommaren.

Den kraftige auken i forsikringsutbetalingar uroar forsikringsbransjen. Av totalt 1,4 milliardar utbetalte reiseforsikringspengar i fjor var 600 millionar kroner på grunn av sjukdom.

Eit beløp som ikkje har auka i tråd med andre typar utbetalingar knytt opp til reiseforsikring.