Hopp til innhold

Fleire blir permitterte enn oppsagde

No får NAV fleire varslar om permitteringar enn oppseiingar. Det gjer behovet for å endra permitteringsreglane endå større, meiner Fellesforbundet.

nav
Foto: HANS ERIK WEIBY / NRK

– Det kjekke i tala er at delen permitteringar aukar, seier direktør i NAV i Rogaland, Truls Nordahl.

I desember fekk NAV i Rogaland varsel om 403 oppseiingar og 1023 permitteringar.

Ikkje sidan januar 2015 har talet på varsla oppseiingar vore lågare.

regiondirektør i NAV Rogaland, Truls Nordahl

Direktør i NAV i Rogaland, Truls Nordahl, meiner det er positivt at fleire vel å permittera i staden for å seia opp.

Foto: Ine Eftestøl / NRK

Det høge talet på permitteringar skuldast mellom anna at 350 vart permitterte på NORDAN som følgje av ekstremvêret "Synne".

– Det blir færre oppseiingar, og fleire permitteringar. Slik har trenden vore i nokre få månadar, og det kan tyda på at det er fleire bedrifter som ser at det kan bli bruk for folk igjen, dersom dei får nye kontraktar, seier Nordahl.

Vil ha endring i reglane

I Fellesforbundet ser dei på dette som ein positiv trend.

– Eg trur det betyr at bedriftene er meir optimistiske enn tidlegare. Og at dei har trua på at det ligg store oppgåver framfor dei, og at dei difor har behov for kompetansen, seier Morten Larsen i Fellesforbundet i Rogaland.

Morten Larsen

Morten Larsen i Fellesforbundet i Rogaland trur tala viser ein større optimisme.

Foto: Magnus Stokka / NRK

Forbundet har lenge argumentert for at permitteringsreglane bør endrast. Dei meiner permitteringsperioden må forlengast frå 30 til 52 veker, og at det bør vera ei rullerande ordning.

Når fleire blir permitterte, blir dette også viktigare meiner Larsen.

– Det er veldig viktig at desse reglane blir endra. Spesielt på lengda, fordi då kan bedriftene og den tilsette halde på kompetansen, seier Larsen.

Skeptisk til lang permitteringstid

Men NAV er ikkje sikre på om det er den beste løysinga.

– Av og til så bruker bedrifter permittering først, og så blir det oppseiing. Dersom den permitteringsperioden er veldig lang, så vil kanskje folk ha hatt eit håp ganske lenge, og då blir det tungt å koma i gang å søke på nye jobbar, seier Nordahl.

For sjølv om tala kan tyda på ein større optimisme blant nokre, er Nordahl klar på at dei dårlege tidene ikkje er over.

– Alle er på jakt etter svaret på når det snur. Det er for tidleg å vera skråsikker på det, men me er i alle fall sikre på at 2016 blir eit krevjande år, seier Nordahl.