Hopp til innhold

Debattar fyller husa til randen

I Stavanger er det fulle hus og høg temperatur på dei opne debattane i byen. Det viser at det er eit stort samfunnsengasjement i oljebyen, meiner arrangørane.

I Stavanger er det fulle hus og høg temperatur på dei opne debattane i byen. Det viser at det er eit stort samfunnsengasjement i Oljebyen, meiner arrangørane.

SJÅ REPORTASJEN: Debattane i Stavanger er populære.

Debattane som blir arrangerte i Stavanger er populære hendingar. På debatten på Sølvberget i helga var det så fullt at biblioteket ikkje vil seia kor mange som kom.

Linn Tønnesen

FULLT HUS: Linn Tønnesen, programkoordinator på Sølvberget, fylte huset til brestepunktet på debatten i helga.

Foto: Eirik Gjesdal / NRK

– Eg torer nesten ikkje seia kor mange som kom, for det er brannforskrifter som skal overhaldast, og me slit jo eigentleg med å halda det lovleg no, seier Linn Tønnesen, som er programkoordinator på Sølvberget.

Nokre hundre meter nede i gata på Kverulantkatedralen var det også trongt om plassen i helga. No planlegg dei nye debatter med stor optimisme, for året har starta bra for debattkafeen.

Jan Inge Reilstad

TILBYR NOKO FOLK VIL HA: Jan Inge Reilstad på Kverulantkatedralen.

Foto: Eirik Gjesdal / NRK

– Det har vore fullt hus på det me har bydd på så langt i år, seier Jan Inge Reilstad, sjef på Kverulantkatedralen.

Det er lokale saker som fengjer mest, trur han.

– Det som handlar om byen vår, det er det interesse for. Laurdagar klokka 14 så køyrer me noko som handlar om byen vår, og det trekk folk, seier Reilstad.

Møteplassen på Sølvberget husar mange typar arrangement som samlar folket i Oljebyen.

– Eg trur generelt at folk har lyst å læra noko. Folk er kunnskapssvoltne, og når dei då har moglegheit til å stilla spørsmål, då er det ein måte å bidra med samfunnsengasjement. Mange klagar jo over at det ikkje er samfunnsengasjement i Stavanger, men eg opplev det motsette, seier Tønnesen.