Hopp til innhold

To campingvogner velta – politiet ber sjåførar stå i ro

Både på E134 og E39 i Rogaland har campingvogner velta på bruer. Politiet ber sjåførar av campingvogner og bubilar om å ikkje køyre.

Campingvogn velta på Karmsund bru

I REKKVERKET: Campingvogna blei hengande i rekkverket på Karmsund bru. Båttrafikken i området blei stoppa etter hendinga.

Foto: Oddgeir Sundgot

Den første velten skjedde på Karmsund bru på E134 litt før klokka 10 måndag. Den andre på Boknasund bru litt før klokka 11.30. Begge bruene blei heilt stengde.

På Boknasund bru på E39 låg campingvogna framleis i vegen i 12-tida. Her er det ikkje omkøyringsmoglegheiter, og køane blei lange i dei to timane brua var heilt stengd.

Dei to hendingane fekk politiet til å gå ut med følgjande åtvaring:

– Politiet anbefaler at bilar med campingvogn og campingbilar tar dagen med ro og ikkje køyrer. Det bles kraftig, og vinden held fram utover dagen, er den klare meldinga frå Sør-Vest politidistrikt.

Oppmodinga gjeld òg bilar med tilhengar.

Barn og vaksen til legevakt

Ifølgje Tore Frøyland-Jensen, politiet sin innsatsleiar ved Karmsund bru, var vinden måndag føremiddag svært sterk.

– Det bles mykje frå nordvest, ein ugunstig retning for nokre av bruene. Det kan vere fare for at også andre ting veltar, seier han.

Tore Frøyland-Jensen, innsatsleder i politiet

Politiet sin innsatsleiar ved Karmsund bru, Tore Frøyland-Jensen.

Foto: Gisle Jørgensen / NRK

Redningsskøyta opplyste til politiet at vindstyrken var 24 meter i sekundet.

– Men oppe på brua er vinden sterkare, seier innsatsleiaren.

Då vogna på Karmsund bru velta, trefte ho ein annan bil på brua. Føraren av bilen og ein passasjer, eit barn, fekk ein del glas over seg. Dei verka uskadde, men er sende til legevakta for sjekk, ifølgje politiet.

Campingvogn velta på Karmsund bru
Foto: Gisle Jørgensen / NRK

I velten fekk campingvogna skader og blei hengande i rekkverket på brua. Det gjorde politiet bekymra for at det kunne falle ting frå brua og ned i sjøen.

Og klokka 12.30 skjedde det:

Campingvogn velta på Karmsund bru

CAMPINGVOGNDELAR: Ein bit av campingvogna ramla av og blei tatt av vinden ved 12.30-tida måndag.

Foto: Gisle Jørgensen / NRK

– Vogna er sikra, men vi ventar med berging til vinden løyar. Det kan ta litt tid, seier Frøyland-Jensen.

Stoppa båttrafikken

– Status per nå er at vi med hjelp frå Kystradioen og 110 har fått stansa båttrafikken i området, skreiv operasjonssentralen på Twitter litt etter klokka 10.

Ei redningsskøyte låg i sjøen under brua for å halde båttrafikk unna.

Medan brua på E134 er stengd, kan bilistar køyre via Karmøytunnelen. Naudetatane dirigerer trafikken. Karmsund bru ligg utanfor Haugesund, og går mellom øy- og fastlandsdelen av Karmøy kommune.

På Boknasund bru køyrde føraren vekk frå brua etter at velten skjedde. Ingen er skadde i hendinga. Boknasund bru er ein del av E39, og bind saman Austre og Vestre Bokn i Bokn kommune.

Kø på Boknasund bru etter at campingvogn velta

LANGE KØAR: E39 over Bokn var delvis åpen den første timen etter velten der, men ved 12-tida blei vegen heilt stengt. Det førte til lange køar. Litt etter klokka 14 blei brua åpna igjen.

Foto: Rosa Iren Villalobos / NRK

Flere nyheter fra Rogaland

Flere personer i Sokndal har de siste dagene observert en ulv i kommunen. Therese Mydland fanget ulven på et overvåkningskamera rett utenfor inngangsdøra, mens Kjell Ivar Nesvåg fanget ulven på et viltkamera.

Her vandrer ulven rett utenfor døra til Therese Mydland

GBtmelcmf7w

Equinor reklamerer med at dei skal kutte fem gongar utsleppa til Noreg