Hopp til innhold

Brukar oljemetodar på mat

Gladmatfestivalen i Stavanger prøver ut metodar frå oljeindustrien. Sju vekstbedrifter frå matsektoren skal møtast og læra av kvarandre.

Gladmat 2009 dag 1

Frå Gladmat i fjor, 2009

Foto: Wenche Lamo Hadland/NRK

Marianne Aareskjold, kvalitetsleder for Stangeland Mølle

Marianne Aareskjold, kvalitetsleiar Stangeland Mølle

Dei sju bedriftene, som alle blir definerte som vekstbedrifter, har tidlegare fått hjelp frå Innovasjon Norge.

For Stangeland Mølle i Sandnes sin del, har dei fått hjelp til å utvikla nye produkt og dei har også fått støtte til å betre design og marknadsføring.

- Nå ser me fram til å møta dei seks andre matbedriftene og læra av dei, seier kvalitetssjef Marianne Aareskjold.

Metodar frå oljeindustrien

- Under den internasjonale oljemessa ONS for to år sidan, så prøvde me ut eit tilsvarande opplegg, og det er dei gode erfaringane derfrå som me nå tar med oss over på matområdet.

Dette fortel leiar av Innovasjon Norge i Rogaland, Audun Rake. Dengong var det selskap innan oljeindustrien, som hadde eit potensiale for vekst, som blei plassert på same utstillingsområdet.

- Erfaringane derfrå var at desse selskapa fekk svært godt utbytte av å stå saman, seier Rake.

Nasjonalt samarbeid

Det er Angus Gardskjøtt, Suldalsskinke og Stangeland Mølle, som deltar i samarbeidet frå Rogaland. Ellers er Kystvilt frå Hordaland, Varangervilt frå Finnmark, Stangekylling frå Vestfold og Reppens bakeri frå Vest-Agder ,med.

- Dei skal stå på same utstillingsområdet på Gladmatfestivalen i Stavanger. Der får dei muleghet til å læra av kvarandre, og dei møter også andre aktørar frå matindustrien og i tillegg det kokkefaglege miljøet.

Det seier Anne Siri Høiland, som er dagleg leiar i NCE Culinology på Måltidets hus i Stavanger.

Får visa seg fram

Desse sju bedriftene, som alle har eit klart vekstpoensiale, skal stå på same plassen, på sjølve Torget i Stavanger under Gladmatfestivalen.

Heidi Netland Berge, festivalsjef Gladmat 2010

Heidi Netland Berge, festivalsjef Gladmat 2010

- Der kjem dei til å møte tusenvis av mogelege kunder i løpet av festivaldagane, og dei får verkeleg testa ut om publikum vil ha produktet deira. I tillegg får dei også tilbakemeldingar dei kan ta med seg tilbake til bedrifta, seier Heidi Netland Berge, som er dagleg leiar i Gladmatfestivalen i Stavanger.