Naudetatane rykte ut etter melding om brann i rekkehus ved Sandved i Sandes. Meldinga kom ved 04.30-tida.
To timar seinare hadde brannvesenet kontroll. Men fleire bustader er umoglege å bu i på grunn av skadane.
– Det er folk som får hjelp frå Sandnes kommune for å finne ein stad å bu, seier politiet sin innsatsleiar på staden, Stian Sandved.
Fleire evakuerte – «kaotisk og opne flammar»
Bebuarar i leilegheita kor det starta å brenne, blei evakuerte. Ein halvtime etterpå var alle gjort greie for.
– Det er meldt om full fyr i ei av leilegheitene, sa operasjonsleiar Håkon Lokna i Sør-Vest politidistrikt til NTB.
Ein politipatrulje tok dette bildet på Sandved i Sandnes da det var om lag ein halvtime sidan den første meldinga om brannen kom.
Foto: PolitietOgså leilegheitene i nærleiken blei evakuerte, opplyste politiet.
– Det var full fyr på utsida og fare for spreiing, seier brannvesenet sin innsatsleiar på staden, André Jacobsen.
Han seier det tok fyr i taket. Da må brannvesenet rive opp for å få kontroll.
Brannvesenet sin innsatsleiar på staden, André Jacobsen.
Foto: Ingvald Nordmark / NRK– Det var kaotisk, opne flammar og mykje røyk, seier Jacobsen om det som møtte brannvesenet da dei kom til staden.
Mykje røyk frå brannen
Ifølge Stian Sandved blei alle evakuerte sett til av lege på staden, men ingen har behov for behandling.
Krimteknikarar skal jobbe i rekkehuset torsdag føremiddag.
– Det er for tidleg å seie noko om årsaka, seier Sandved.
Ei stor samling politi og brannvesen var i området. Det var også stor røykutvikling frå rekkehusbrannen.
Nærmare 06.30 var mykje av røyken borte. Politiet oppmodar likevel personar som kjenner ubehag, om å kontakte helsevesenet.
Ein veg i området, hovudvegen fylkesveg 44, var stengd på grunn av brannen. Vegen opna igjen rett før klokka 07.
Sandved ligg sør for Sandnes sentrum.
Det var mykje røyk i området etter at det begynte å brenne i eit rekkehus på Sandved i Sandnes rundt klokka 04.30. To timar seinare var mykje av den synlege røyken borte.
Foto: Ingvald Nordmark / NRKEi stor samling politi og brannvesen var i området.
Foto: Ingvald Nordmark / NRKDet tok fyr i taket av rekkehuset. Brannvesenet måtte rive opp for å få kontroll.
Foto: Ingvald Nordmark / NRKSlik ser det ut utanfor rekkehuset etter at brannen var sløkt.
Foto: Ingvald Nordmark / NRKSlik ser det ut utanfor rekkehuset etter at brannen var sløkt.
Foto: Ingvald Nordmark / NRK