Hopp til innhold

Bestefar (77) løftar 182 kilo i markløft, 120 kilo i benkpress og 200 kilo i knebøy

Arnfinn Skadsem (77) er ikkje som andre besteforeldre. Han er sterk som ein bjørn, men har tenkt å bli endå sterkare.

Arnfinn Skadsem

Arnfinn i trening på Ganddal Atletklubb. MEn før han sjølv skal delta i NM, skal barnebarnet delta i VM i dag.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Verdas sterkaste bestefar og barnebarn

Her på Ganddal Atletklubb trenar bestefar Arne Skadsem saman med sine to barnebarn fleire dagar i vaka. Det er lenge sidan Kristoffer Eikeland blei den sterkaste av dei to.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

– Snart er det NM for seniorar i Lillestrøm, der satsar eg på å setja personleg rekord i benkpress.

Det er 77 år gamle Arnfinn Skadsem frå Ganddal som snakkar. Den personlege rekorden han skal slå er på 120,5 kilo.

– På treninga i dag kjendest det svært lett ut, og eg trur eg skal kunne slå rekorden min. Men alt må stemme så ingenting er sikkert, seier den spreke gamle mannen med eit smil.

Barnebarn med i VM

Idretten han driv med heiter styrkeløft og består av dei tre øvingane; knebøy, benkpress og markløft.

I desse dagar er det VM i styrkeløft i Stavanger, og barnebarnet, Kristoffer Eikeland, er med.

I dag skal Kristoffer (24) kjempa om å bli verdsmeister i 105-kilo klassen, og han takkar bestefar sin for at han har kome så langt som han har.

– Han er eit førebilete og det var han som fekk meg til å byrja med dette, fortel han.

Dagens løft, som byrjar klokka 14.00 i Stavanger idrettshall, er svært spesielle for Kristoffer. Det er første gong han er med i senior-VM og det skjer på heimebane.

– Eg kjem nok til å få frysningar, seier han om opplevinga.

Og i publikum kjem ein svært stolt bestefar til å sitja på første rad. For sjølv om han kan løfta tungt meiner han at barnebarnet si bragd er den største prestasjonen hans.

– Det vil vera å lyga om eg sa at eg ikkje var stolt. Eg meiner at eg har grunn til det. Både meg og bror til Kristoffer fekk han interessert i styrkeløft og nå gjer han det svært godt, seier han.

Kristoffer Eikeland er barnebarnet til Arnfinn Skadsem. Han skal i dag kjempa om å bli verdsmeister i styrkeløft.

►SJÅ VIDEO: Kristoffer Eikeland er barnebarnet til Arnfinn Skadsem. Han skal i dag kjempa om å bli verdsmeister i styrkeløft.

– Han er heilt rå

Det er på Ganddal Atletklubb dei har lagt grunnlaget, alle tre.

Her løfter dei på vekter og hjelper kvarandre med motivasjonen.

– Han er heilt rå. Han seier at han skal løfta 80 kilo når han er 80 år. Dette er eit pågangsmot som alle kan læra av, seier Kristoffer.

Sjølv var han liten og tynn då bestefaren ville ha han med i helsestudio.

– Eg tenkte at eg kunne bli med, men eg visste at vekter ikkje var noko for meg.

– Og nå er du med i VM.

– Ja, det er jo litt rart med den bakgrunnen. Eg var ein tynn fotballgut som ikkje likte vekter, seier han og ler.

Då var Kristoffer i 16-års alderen. Det tok ikkje lang tid før han var sterkare enn bestefaren.

– Han tok meg vel igjen for tolv år sidan, seier Arnfinn og ler.

– Nei, det er ikkje meir enn sju år sidan du var sterkare, rettar Kristoffer.

Bra for helsa

Arnfinn vil halda fram med treninga så lenge han klarer, og seier at han vinn mykje på det.

– Eg har sjølvsagt hatt helseplager eg også, men eg er i veldig god form vil eg seia. Alle kan kjenna kor godt det er å ha kondisjonen i orden, men å også ha eit styrkegrunnlag er fantastisk seier han.

Han har store tankar om kva barnebarnet vil få til i VM før han sjølv skal ut i elden i NM for seniorar.

Også Kristoffer har store ambisjonar.

– Eg drøymer om sølv. Gull er utelukka, men er eg heldig kan eg hamna på sølv eller bronseplass.

Arnfinn sine personlege rekordar:

  • Benkpress: 120,5
  • Markløft: 182,5
  • Knebøy: 200,5

Kristoffer sine personlege rekordar:

  • Benkpress: 270,5
  • Markløft: 342,5
  • Knebøy: 340,0