– Ein stor bamse! Der! Fire år gamle Emma Eide Bersaas peiker mot vindauget slik at søskenbarnet, Magnus Eide Wennesland (3), skal få auge på han.
– Wow! seier Magnus.
PÅ JAKT: Magnus Eide Wennesland (3) og Emma Eide Bersaas (4), gir seg ikkje før dei har funne ti bamsar.
Foto: Marthe Synnøve Johannessen / NRKDei to er på bamsejakt i eit bustadfelt i Haugesund. Det er gøy med nye aktivitetar når barnehagen er stengt.
– Det er bra å ha bamsejakt for då slepp vi å kjede oss. Det er ikkje så gøy å kjede seg, slår Emma fast.
BAMSE: Høgt oppe i andre etasje får Emma og Magnus auge på ein bamse.
Foto: Marthe Synnøve Johannessen / NRKInspirert av ei barnebok
I 1989 skreiv britiske Michael Rosen barneboka «We're Going on a Bear Hunt». Ifølge britiske The Guardian er jakta vi no ser i heile verda, inspirert av denne boka.
Instagram er full av bilete av bamsar som er plassert i vindauge slik at barn kan dra på jakt.
Som å tenne ei lampe i vindauget
Psykolog Peder Kjøs meiner den verdsomspennande bamsejakta vitnar om fellesskap. Å sette ein bamse i vindauget er litt det same som å kjøpe ei t-skjorte med namnet på favorittbandet ditt.
FELLESSKAP: Psykolog Peder Kjøs mener bamsejakt er en måte å vise at vi tilhører et fellesskap.
Foto: Andris Søndrol Visda / Anti/NRK– Då signalisere ein til alle andre at ein tilhøyrer eit fellesskap. Det er vel eit slags behov for å høyre saman som kjem til uttrykk på den måten. I tillegg gir ein sitt vesle bidrag ved å setje ein bamse i vindauget, sjølv om det er til framande menneske, seier han.
Vi har høyrt synging frå balkongar, og barn har teikna regnbogeteikningar med påskrifta «Alt blir bra». Vi blir rett og slett kreative med positivt forteikn i krisesituasjonar.
– Eg tenker det er ein djup menneskeleg impuls der vi prøver å rekke kvarandre ei hand eller tenne ei slags lampe i vindauget som viser at her er det folk, seier Kjøs.
At bamsejakta har spreidd seg i heile verda trur han har med at bamsar rett og slett er så uskuldige.
– Ein bamse er jo berre eit symbol på kos, og det trur eg er universelt. Då blir det ikkje kontroversielt, komplisert eller vanskeleg, men noko alle kan vere med på, seier Kjøs.
Kjekt å vise fram bamsen sin
Mamma til Magnus, Bjørg Marie Eide Wennesland, synest bamsejakt er ein kjekk aktivitet for dei minste barna.
FOR DE MINSTE: Bjørg Marie Eide Wennesland synest bamsejakt er kjekt for dei minste barna.
Foto: Marthe Synnøve Johannessen / NRKMen ho trur gleda av å setje bamsen sin på utstilling i vindauget også er stor.
– At barn i tillegg kan glede andre med å gjere det er veldig fint, seier ho.
Emma og Magnus har funne fem teddybjørnar, kaninar, og elefantar på jakta si. Men dei gir seg ikkje.
– Kor mange skal du finne før du går heim?
– Kanskje ti. Og etterpå skal eg kjøpe godteri, seier Emma.
ELEFANT: Etter ein kort diskusjon mellom Emma og Magnus blir det stadfesta at dette er ein elefant og ikkje ei kanin.
Foto: Marthe Synnøve Johannessen / NRK